Aktuelt arkiv
Loen-konferansen utsatt til 28.-29. april 2022
Diverre må vi utsetje konferansen til neste år
Konferansen i Loen 1.-2. desember i regi IT-Forum Vest OU - program og påmelding (oppdatert 24.11)
Påmelding og informasjon finn du her
Pressemelding: IT-forum Vest får partnerskapsavtale med Vestland fylkeskommune
Vestland fylkeskommune har vedteke å inngå samarbeidsavtale med IT-forum Vest for utviklingsarbeid knytt til innovasjon og næringsutvikling for åra 2021 og 2022
Restutbygginga av breiband i Gloppen
Restutbygging av breiband til Gloppen kommune er eit delprosjekt i Breibandløftet
Tre grep for vellukka implementering av velferdsteknologi
I ein artikkel analyserer forskar Hilde G. Corneliussen kva som har vore med å drive utviklinga gjennom fylkesprosjektet IT-Forum Vest har bidrege i
IT-Forum Vest oppmodar sine medlemmar om å bidra i IT-utdanninga
IT-Forum Vest, var initiativtakar til ei IT-utdanning i regionen som vart etablert ved Høgskulen på Vestlandet i Førde. No oppmodar vi våre medlemmar om å bidra med kunnskap rett frå beste praksis. Lukkast vi med det, er det ein vinn -vinn situasjon for studentar, verksemder i regionen og HVL i Førde
IT-forum Vest møtte Distrikts- og digitaliseringsministeren
Måndag møtte IT-Forum Vest Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) på Hoven i Loen.
Vi ønsker Bergen Fiber hjarteleg velkommen som nytt medlem i IT-Forum Vest!
Vi i IT-Forum Vest har fått vårt første medlem med det tidlegare Hordaland som nedslagsfelt. Dei andre medlemmane har aktivitet i heile regionen eller i det tidlegare Sogn og Fjordane.
Ny leiar og nestleiar i IT-forum Vest
Årsmøte vart i år gjennomført digitalt. Nyvald leiar er Christiane Ulriksen og nestleiar er Frode Kyrkjebø. Sjå pressemelding i “les meir”
Breiband – det mest effektive, rimelegaste og raskaste realiserbare samferdsleprosjektet
Mange opplever no eit svært urettferdig skilje mellom dei som har høghastigheit-breiband og dei som enno slit med gamle og trege kommunikasjonsnett med lav kapasitet. Responsen må vere meir til breiband. Det er det mest effektive, rimelegaste og raskaste realiserbare samferdsleprosjektet i landet.
Vel ei utdanning for framtida, tett på teknologibedrifter i Vest!
Søk eller tips nokon om å søkje!
Koronavirus – Vi flyttar fysiske møte over på digitale løysingar
Styret har vedteke å gjennomføre årsmøtet i IT-forum Vest for 2019 på ein forenkla måte pga. korona-situasjonen i Noreg.
Årsmøte IT-forum Vest fredag 20.mars vert på video og IKKJE på Thon Hotel Jølster
Tentativ møteplan finn du her. Sakspapir vert sende ut til representantskapen ei veke i forkant.
IT-forum er omtala som døme på eit regionalt nettverk i den nye Distriksmeldinga
IT-forum er omtala som døme i “Meld. St. 5 (2019 –2020) Melding til Stortinget” om “Levende lokalsamfunn for fremtiden”
IT-forum OU 2019 er gjennomført. Vel møtt 3.-4.nov. 2020 i Loen!
175 oppvekst- og skulefolk frå heile fylket fekk mange svar då IT-forum inviterte til konferanse i Loen 12.-13 november.
Storsamling for IKT-læring i fylket
Nytt og nyttig om digital læring.
IT-forum samlar krefter frå heile fylket til konferanse om bruk av IKT i oppvekst og utdanning 12.-13. november i Loen. Tema for den årlege samlinga er teknologi og digitale læremiddel - også for dei aller minste barnehagebarna. Både nasjonalt profilerte innleiarar og lokaleressursar inspirerer og delar kunnskap og erfaringar. 170 er påmeldt og Hotel Alexandra er fullbooka.
IT-forum Vest er skipa
IT-forum Sogn og Fjordane er blitt til IT-forum Vest. 14 store samfunnsaktørar på Vestlandet deltok på det formelle skipingsmøtet på Skei 18. oktober 2019. Medlemmene kjem frå privat og offentleg sektor, samt utdanning, forsking og utvikling.
Innkalling til skipingsmøte for foreninga IT-forum Vest
Thon hotell Jølster, Skei fredag 18.oktober kl 09:30 - 12:30.
IT-forum satsar på mangfald- seminar i Førde og Sogndal
IT-forum held innlegg på to temamøte satsingane Teknoløft Sogn og Fjordane og Kvinneløftet FixIT arrangerer. Den 11. september i Førde (Peak Sunnfjord) og den 18. september i Sogndal (Bragebygget).
Sommarhelsing frå styret i IT-forum Sogn og Fjordane
Vi i styret ønskjer deg ein god sommarferie, men vi vil også nytte høvet til å informere litt om det som skjer.