Jenter i tech Vestland: Din veg inn i ein spennande jobb!

  • Kva er Jenter i tech Vestland?

    Dette er eit spennande prosjekt som skal inspirere jenter i alderen 13-17 år til å utforske verdien av teknologi.

    Gjennom skulebesøk og inspirerande møte med damer som jobbar med teknologi på ulike måtar og havna i jobbane sine på forskjellige måtar, vil du få sjansen til å oppdage at teknologi faktisk er utruleg mykje meir enn koding.

    Visste du for eksempel at sjukepleiarar jobbar med teknologi? Eller at teknologi er kjempeviktig for det grøne skiftet og alt det vi gjer for miljøet?

    Vi kjem til skulen din med kule damer frå Vestlandet som jobbar med alt frå helseteknologi til berekraftig utvikling. Dei vil dele sine historiar og vise deg at ein karriere i teknologi kan vere veldig mykje forskjellig, og at det er mange vegar inn til spennande jobbar.

    Har du innspel og idear? Kjenner du gode rollemodellar? Ta kontakt!

  • Kven er dette for?

    Jenter på ungdomsskulen og vidaregåande:
    Er du mellom 13 og 17 år? Kom og bli inspirert! Her får du møte rollemodellar som kan vise deg alle dei spennande moglegheitene innanfor teknologi.

    Foreldre og skulerådgjevarar:
    Det er mange vegar inn i teknologifelta, og det kan vere vanskeleg å halde oversikt. Vi gir dykk innsikt i dei ulike moglegheitene, både dei klassiske og dei meir utradisjonelle. Kanskje vert dottera di den neste store tech-pioneren frå Vestlandet?

    Interessert? Gje lyd frå deg. Ring prosjektleiar Anne Mette Hjelle på e-post annemette@itforumvest.no eller ring 99 28 43 02.

  • Kvifor teknologi?

    Teknologi er ikkje berre framtida – det er her og no. Det påverkar alle delar av samfunnet, frå helse og utdanning til miljø og underhaldning.

    Men teknologibransjen treng fleire kvinner, og det byrjar med deg. Ved å vere med på denne reisa får du ein forsmak på kva moglegheiter som ventar – og kanskje oppdagar du at ein jobb innan teknologi er akkurat det du drøymer om?

    Bli med og utforsk!
    Vi startar i Sunnfjord og beveger oss vidare til Nordfjord og Sogn. På vegen kan du vere med på å forme framtida. Så grip sjansen, bli med på eit bedriftsbesøk, og sjå korleis det er å jobbe i ei tech-bedrift på nært hald.

    Vil du vite meir?
    Ta kontakt med oss for meir informasjon eller følg med når vi kjem til din skule! Dette er din sjanse til å finne ut meir om kva det vil seie å jobbe med teknologi – på dine eigne premissar.

Studieval: Du treng ikkje å studere informatikk på NTNU for å jobbe med teknologi

Å jobbe med teknologi er så mykje meir enn berre koding. Det kan handle om miljø og berekraft, eller å finne opp betre løysingar i helsesektoren. Det er smarte val du kan ta allereie no som gir deg mange moglegheiter i framtida. Eitt av dei er å velje matte og realfag!

Å velje matte og realfag på ungdomsskulen og vidaregåande er lurt om du vil jobbe med teknologi.

Matte gir deg grunnlaget for å forstå og løyse komplekse problem, noko som er essensielt innan programmering, dataanalyse og ingeniørfag. Mange teknologistudiar krev òg realfag for opptak, så utan desse kan du gå glipp av viktige moglegheiter. Kort sagt: Matte og realfag rustar deg for framtida i teknologi!

Her er nokre moglegheiter du har for ungdomsskulen, vidaregåande skule og høgskule i tidlegare Sogn og Fjordane. Under finn du også tips til meir utradisjonelle vegar inn i teknologiyrke:

Valfag på ungdomsskular

Mange ungdomsskular i Vestland tilbyr valfag som kan vere relevante for deg som er teknologiinteresserte. Dersom du er litt nysgjerrig på teknologi kan det vere lurt å sjekke ut slike valfag for å finne ut om det er noko for deg. Døme på slike valfag inkluderer:

  • Programmering: Grunnleggande innføring i koding, digital forståing og logisk tenkning.

  • Teknologi i praksis: Gir innsikt i teknologiske løysingar og praktisk arbeid med teknologi.

  • Design og redesign: Fokus på kreativ problemløysing og produktutvikling.

Vidaregåande skular med teknologifag

IDet finst fleire vidaregåande skular i Vestland fylke som tilbyr studieretningar innan teknologi, både yrkesfaglege og studieførebuande:

  • Studiespesialisering med realfag: Tilbyr fordjuping i matematikk, fysikk, kjemi og informasjonsteknologi, som er sentrale fag for teknologistudiar.

  • Teknologi og industrifag (TIF): Denne linja gir praktisk erfaring med teknologiar som automatisering, programmering av robotar, maskinteknikk og prosessindustri. Det kan leie til jobbar som industrimekanikar, automasjonsteknikar, og fleire andre.

  • Elektrofag: Fokus på elektronikk, automatisering, og elektriske installasjonar, som kan vere ein veg inn til jobb i energisektoren eller vidare studiar som ingeniør.

  • Informasjonsteknologi og medieproduksjon: Ei studieretning som kombinerer IT-kunnskap med medieproduksjon, nyttig for dei som vil jobbe innan kreative teknologibransjar.

Høgskular og universitet

Vestland har fleire moglegheiter for høgare utdanning innan teknologi:

  • Høgskulen på Vestlandet (HVL) tilbyr studiar i informatikk, robotikk, informasjonsteknologi, datateknologi og ingeniørfag. HVL har tilbod i Førde, i tillegg til Bergen og i Haugesund. I Førde kan du i tillegg til bachelor-nivå, også ta ein master i datateknologi.

  • Også Universitetet i Bergen (UiB) tilbyr fleire av desse studia.

  • NHH (Noregs Handelshøyskole) har relevante fag innan digitalisering og teknologi for dei som er interesserte i å kombinere teknologi med økonomi.

Utradisjonelle vegar inn i teknologi

Det finst også alternative måtar å kome inn i teknologibransjen på, som ikkje nødvendigvis krev tradisjonelle teknologi-utdanningar:

  • Fagskular: Kortare, yrkesretta studiar som til dømes innan IT, automasjon eller digital design, og som byggjer på yrkesfagleg bakgrunn.

  • Y-vegen: Ei moglegheit for elevar med fagbrev innan teknologiske fag å ta vidare utdanning som ingeniør ved høgskular eller universitet.

  • Lærlingordningar: Mange verksemder i Vestland har lærlingplassar innan teknologi og industrifag, noko som gir ein kombinasjon av arbeidserfaring og utdanning.

Det er òg mogleg å jobbe med teknologi gjennom studiar som til dømes innan helsefag eller miljø og berekraft dersom det er det du er interessert i. Desse felta har blitt stadig meir teknologifokuserte, og integrering av teknologi er avgjerande for å møte framtidas utfordringar i både helse og miljøsektoren. Her er nokre døme:

Helsefag og teknologi

  • Medisinsk teknologi og helseinformatikk: Studier innanfor helsefag, som sjukepleie, medisin, eller ergoterapi, kan kombinerast med teknologi gjennom spesialisering i medisinsk teknologi. Dette inkluderer bruk av teknologi for å forbetre diagnostikk, pasientovervaking, og behandlingsmetodar, som til dømes bruk av KI for å analysere medisinske bilete eller utvikling av telemedisinløysingar.

  • Velferdsteknologi: Dette er eit område som fokuserer på å utvikle teknologiske løysingar for å støtte eldre og menneske med funksjonsnedsetjingar i deira daglege liv. Utdanningar innanfor helsefag, i kombinasjon med kurs eller studiar i velferdsteknologi, gir moglegheit til å jobbe med utvikling og implementering av smarte løysingar som tryggingsalarmar, automatiserte hjelpemiddel og digitale helseplattformer.

Berekraft og teknologi

  • Grøn teknologi og fornybar energi: Studier innan berekraft og miljøvitskap kan føre til jobbar innanfor teknologi som er retta mot klima og miljø. Dette kan inkludere utvikling og drift av fornybare energikjelder som vind og solenergi, bruk av teknologi for energieffektivisering, eller utvikling av smarte byar som integrerer miljøvennleg teknologi i urban planlegging.

  • Sirkulær økonomi og ressursforvaltning: Studier innan berekraft kan òg innebere teknologisk innovasjon for å utvikle løysingar for gjenbruk, resirkulering, og betre ressursutnytting. Dette kan inkludere teknologiar for overvaking av ressursbruk, utvikling av smarte avfallshandteringssystem, og bruk av digitale plattformer for å optimalisere sirkulære økonomiske modellar.

  • Miljødata og digital overvaking: Berekraftige studiar kan òg kombinere teknologi gjennom bruk av dataanalyse og sensorteknologi for å overvake miljøendringar, som luft og vasskvalitet, samt biologisk mangfald. Dette kan leie til jobbar innan miljøovervaking og rådgjeving, der teknologiske løysingar blir brukt til å forbetre miljøforvaltning.

Døme på utdanningsløp

  • Helseinformatikk: Nokre universitet tilbyr spesialiseringar som kombinerer helse og teknologi, som t.d. helseinformatikk ved Universitetet i Bergen. Dette kan vere ein veg inn i arbeid med digitale helseløysingar og datahandtering i helsesektoren.

  • Teknologi for berekraftig utvikling: Høgskulen på Vestlandet (HVL) tilbyr studiar innan ingeniørfag med fokus på fornybar energi og berekraftige løysingar, som kan kombinerast med teknologi for utvikling av nye energisystem eller smarte bygg.

Desse tverrfaglege tilnærmingane gjer det mogleg å bidra til teknologiske innovasjonar samtidig som ein jobbar med helse eller miljø, og dei gir breiare karrieremoglegheiter innanfor område som både krev og drar nytte av teknologiske løysingar.

Alle utdanningane og faga vi har nemnt her gir deg eit godt grunnlag for ei karriere innan teknologi, anten du ønskjer å jobbe praktisk, som i industrifag, eller meir teoretisk, som innan programmering og forsking. 

For meir detaljert informasjon om dei enkelte programma kan du besøke nettsider som vilbli.no og utdanning.no.

Gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. F.v. Jill Aasen Hole, fung. teknologidirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Christiane Ulriksen, styreleiar i IT-forum Vest og Anne Mette Hjelle, prosjektleiar og adm. Foto: Kristian Helle, SSFJ.

Felles mål

Jenter i tech er eit prosjekt initiert av IT-forum Vest, der målet er å auke interessa for teknologiutdanning og bidra til større mangfald i teknologi.

Prosjektet har fått økonomisk støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane (sjå foto med Jill Aasen Hole (t.v.), fungerande teknologidirektør i Sparebank 1 Sogn og Fjordane, Christiane Ulriksen, styreleiar i IT Forum Vest og Anne Mette Hjelle, prosjektleiar i Jenter i tech og del av administrasjon i IT-forum Vest. Foto: Kristian Helle.) Gåva skal bidra til å løfte fram lokale kvinnelege rollemodellar som skal inspirere fleire til å satse på teknologi som utdanning og yrke.

Tilgang til kompetent arbeidskraft er ein av dei største utfordringane for Vestland, både i dag og framover. Lukkast vi med å rekruttere breitt, vil det ha stor positiv effekt. Å auke mangfaldet vil også bidra til meir målretta digitalisering og teknologiutvikling.