Ny leiar og nestleiar i IT-forum Vest

Eg er svært  glad for å vere vald som ny styreleiar i IT-Forum Vest, seier Christiane Ulriksen, Enivest. Vi er i ein spennande periode med mykje aktivitet der endringa av IT-forum Sogn og Fjordane til IT-Forum Vest i fjor var ein viktig milepæl. Vi kjem til å auke aktivitetane i tidlegare Hordaland. Hovedsatsingsområda er breiband, velferdsteknologi, oppvekst og utdanning og digitalisering.

Sidan eg begynte i Enivest i 2015, har eg opplevd IT-Forum som ein viktig møteplass for nettverksbygging og erfaringsutveksling. Eg har vore styremedlem i 3 år, først med Gunnar O. Hæreid frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som styreleiar og dei siste to år med Anne-Mette Hjelle fra Lotteri og Stiftelsestilsynet som styreleiar.  Sidan stifting av IT-Forum Vest har eg bidrege som nestleiar. Eg har eit sterkt ønskje om å bidra til at IT-Forum fortset å lukkast framover, seier Ulriksen. 

IT-Forum er ein organisasjon for dei som vil noko, og som ønsker å bidra. Eg meiner at det gode samarbeidet mellom næringsliv, offentlig sektor og akademia er ein viktig grunn til at IT-forum Sogn og Fjordane har lukkast og at også It-Forum Vest kjem til å lukkast framover. Den viktigaste suksessfaktoren med IT-forum er å samle ulike samfunnsaktørar for å definere utfordringane, setje mål og prioriterer tiltak. IT-forum fellesskapet har oppnådd langt betre resultat enn aktørane kvar for seg kunne ha fått til. Eitt slikt eksempel er breiband-utbygging der satsinga har betydd mykje for fiberutbygginga i det tidlegare Sogn og Fjordane.

Frode Kyrkjebø , KS Vest-Norge vart vald til nestleiar I IT-forum Vest.  Kyrkjebø seier at landets kommunar og fylkeskommunar har gitt KS mandat til å samordne og sikre gjennomføringskraft i digitaliseringsarbeidet for offentleg sektor. Noko av nøkkelen til å lukkast med den digitale transformasjonen er meir samarbeid og samordning på ulike nivå. Det gjeld mellom det offentlege og det private, og mellom staten og kommunal sektor. KS har som oppgåve å samordne og koordinere kommunal sektor på digitaliseringsområdet, og å være ein pådrivar for utvikling og bruk av felles kommunal løysingar og komponent. IT-Forum Vest er eit av dei fora der vi oppnår alt dette regionalt. IT-Forum bidreg både med rammevilkår for digitalisering i kommunar, gjennom kritisk infrastruktur som breiband, og til digitalisering av tenester innanfor til dømes velferdsteknologi. Historisk sett har IT-Forum vore avgjerande for at kommunane har evna å ta i bruk løysingar som til dømes SvarUT for digital post. Eg ser fram til å fortsette arbeidet i IT-Forum Vest, no som nestleiar i styret, seier Kyrkjebø. 

Dei andre styremedlemmane i IT-forum Vest er Anne Mette Hjelle, Lotteri- og stiftelsestilsynet, Nils Erling Yndesdal, Fylkesmannen i Vestland, Reiel Haugland, Sparebanken Sogn og Fjordane, Paal Fosdal, Vestland fylkes-kommune, Bjørn Lødemel, Sogn og Fjordane næringsråd og Geir Anton Johansen, Høgskulen på Vestlandet.  Årsmøtet vart gjennomført over nett og ikkje med fysisk møte som planlagd. Deltakarane var godt nøgde med denne tilpassinga og gjennomføringa. 

Kontakt:

Leiar IT-forum Vest                        Christiane Ulriksen, Enivest:        909 88 461

Nestleiar IT-forum Vest                Frode Kyrkjebø, KS Vest-Norge: 414 59 245   

Vedlegg:

Pressemelding i word-format

Pressemelding i pdf-format

Årsmøtereferat     

Forrige
Forrige

Vi ønsker Bergen Fiber hjarteleg velkommen som nytt medlem i IT-Forum Vest!

Neste
Neste

Breiband – det mest effektive, rimelegaste og raskaste realiserbare samferdsleprosjektet