IT-forum satsar på mangfald- seminar i Førde og Sogndal
IT-forum held innlegg på to temamøte satsingane Teknoløft Sogn og Fjordane og Kvinneløftet FixIT arrangerer. Den 11. september i Førde (Peak Sunnfjord) og den 18. september i Sogndal (Bragebygget).
Tema:
Mangfald skapar lønsemd og aukar kreativitet, men korleis skapar ein mangfald?
Rekruttering av kompetanse er sentralt for verksemder i regionen, men mobiliserer vi talent frå heile folket? Kvifor ligg kvinneandelen blant søkjarane til IT- og ingeniørfaga i fylket langt under det nasjonale gjennomsnittet? Korleis møte utfordringar vi har regionen med rekruttere til teknologiutdanning og -yrke?
Vi inviterer til møte for å skape diskusjon kring utfordringar og forslag til løysingar.
Kva er di erfaring? Kom og diskuter og et pizza!
Ingen påmelding, ingen kostnad.
Agenda i Førde 11. sept:
14.00 – 16.00: Kompetanse og rekruttering
Kompetanse og rekruttering til digitalisering og automasjon, ved Erik Kyrkjebø, prosjektleiar for Teknoløft Sogn og Fjordane
Kan Kvinneløftet FixIT fikse det? ved Hilde G. Corneliussen, forskar Vestlandsforsking
IT-forum satsar på mangfald, ved Anne Mette Hjelle, leiar IT-forum
16.00 – 16.45: Nettverking med pizza og omvising i Peak Sunnfjord
Agenda i Sogndal 18.sept
13.00 – 15.00: Kompetanse og rekruttering
Kompetanse og rekruttering til digitalisering og automasjon, ved Erik Kyrkjebø, prosjektleiar for Teknoløft Sogn og Fjordane
Kan Kvinneløftet FixIT fikse det? ved Hilde G. Corneliussen, forskar Vestlandsforsking
IT-forum satsar på mangfald, ved Ivar Petter Grøtte, sekretariatet IT-forum
15.00 – 15.45: Nettverking med pizza og omvising i Bragebygget og på Campus
Kontaktpersonar:
Jøril Hovland, joeril@kpsf.no, tlf. 48219780 (Teknoløft S&F)
Hilde G. Corneliussen, hgc@vestforsk.no, tlf. 47900814 (Kvinneløftet FixIT)