Vi ønsker Bergen Fiber hjarteleg velkommen som nytt medlem i IT-Forum Vest!
Å få Bergen Fiber som første medlem, frå det tidligare Hordaland, betyr mykje for oss seier Christiane Ulriksen styreleiar i IT-Forum Vest. Ho ønskjer Bergen Fiber velkommen på vegne av styret.
Bergen Fiber er ein fiberleverandør med ca. 46 000 breibands- og tv-kunder. Dei er aktive i privat-, borettslag/sameie- og utbyggermarkedet og tilbyr tjenester frå Altibox (breiband og tv). Selskapet ventar ei omsetning på rundt 390 millionar kroner i 2020. Tore Nyhammer, adm. dir. i Bergen Fiber har tidligare vore med på tre-fire møter i breibandsgruppa.
Dei siste åra har Bergen Fiber i gjennomsnitt fått omlag 10.000 nye privatkundar kvart år og internett-trafikken har auka med meir enn 50 prosent i året dei siste åra. Folk venner seg raskare og raskare til nye digitale alternativ. Og situasjonen verda opplever no framskyndar både dette og viktigheita av kor viktig det er med stabile og robuste nettverk.
I forkant av innmeldinga har vi hatt dialog med Bergen Fiber, og det viser seg å vere utfordringar med tilgang på høghastigheitsbreiband også i bynære randsoner i Bergen. I desse dagar satsar Bergen Fiber for alvor i Bergen sentrum og er glade for at dei blir tatt godt i mot. Her ønskjer IT-forum Vest også å bidra til at enda fleire kan få tilgang til høyhastighetsbreidband. Vi kommer til å fortsette med stort fokus på bredbåndsutbygging i distriktet, men dette utelukker ikkje at vi og kan bidra til at bynære områder får god dekning på høghastigheitsbreidband.
Frå tidligere er både bredbåndsaktørare Enivest og Sognenett medlem i IT-Forum Vest. I arbeidsgruppa breiband er også Telenor, Årdalsnett og Nordfjordnett med.
IT-Forum Vest er ein organisasjon for dei som vil bidra til at Vestland er mellom dei beste regionane i å nytte IT i næringsliv, offentleg sektor, opplæring og utdanning.
Eg føler at Bergen Fiber passer godt inn her som medlem, og håper at dei også blir ein aktiv bidragsytar for breibandsatsinga, seier Christiane Ulriksen.
Bakgrunn for å ta opp nye medlemmar er at det tidligare IT-Forum Sogn og Fjordane i 2019 har blitt til IT-Forum Vest. Dette var ei naturleg vidareutvikling og utviding av det geografiske nedslagsfelt sidan mange av medlemane allereide har aktivitet i heile Vestland fylke.
Hovudsatsingsområda er breiband, velferdsteknologi, oppvekst og utdanning og digitalisering. Medlemskap i foreininga er open for alle organisasjonar innan offentleg, frivillig og privat sektor, undervisning og forsking som har ein har aktivitet innanfor Vestland fylke.
Om du ønskjer å melde deg inn som medlem IT-Forum Vest, ta kontakt med sekretariatet ved Øyvind Heimset Larsen på e-post: ohl@vestforsk.no.
Disse sit i representantskapen og er medlemmar:
Fylkesmannen i Vestland, Enivest AS, Sognenett AS, Bergen Fiber Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Sogn og Fjordane Energi (SFE), Helse Førde, Lotteri- og stiftelsestilsynet, Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane AS, Sogndal Fotball, KS Kommunesektorens organisasjon, Sparebanken Vest og Innovasjon Norge Vestland.
Desse leiar IT-forum Vest
Styret:
Leiar: Christiane Ulriksen, Enivest
Nestleiar: Frode Kyrkjebø, KS Vest-Norge
Nils Erling Yndesdal, Fylkesmannen i Vestland
Reiel Haugland, Sparebanken Sogn og Fjordane
Paal Fosdal, Vestland fylkeskommune
Anne Mette Hjelle, Lotteri og stiftelsestilsynet
Bjørn Lødemel, Sogn og Fjordane næringsråd
Geir Anton Johansen, Høgskulen på Vestlandet
Sekretariat: Vestlandsforsking
Kontakt:
Leiar IT-forum Vest Christiane Ulriksen, marknadsansvarleg Enivest AS: 909 88 461
Bergen Fiber AS Tore Nyhammer, Adm. Direktør, Bergen Fiber AS 91348038