Arrangement

IT-forum konferansen 2024, Bergen
Teknologien viser “tenner” og det blir vesentleg å ta styring. Samstundes skal vi utvikle oss og utnytte potensialet i ny teknologi. Korleis balanserer vi desse omsyna? Det blir den raude tråden i årets IT-forum konferanse!
Hybridseminar om KI og pedagogikk
Kunstig intelligens i skule og oppvekst er eit aktuelt tema. I dette korte seminaret har HVL henta inn Odin Nøsen til å inspirere oss. Mellom anna fordi han har laga ein nettstad med kunstig intelligens for elevar og lærarar i Randaberg.
IT-forum Vest er medarrangør på grunn av godt tema, kompetanse, samt vårt ønskje om å støtte initiativ som føl opp vår tidlegare tradisjonsrike fagkonferanse for it på tvers av oppvekst og skuleslag i regionen.
Mål for dagen: Fokus på kunstig intelligens i pedagogisk arbeid i skule og utdanning.
Ambisjonen er at partnarskapen ønskjer å bygge eit miljø for kompetanse og samarbeid på KI i pedagogikk på tvers av oppvekst og skuleslag til beste for regionen.
Kva ynskjer me å få til denne dagen:
• Lærarar og forskarar får eit innblikk i korleis ein pratemotor fungerer og korleis denne kan nyttast i ein studiesituasjon.
• Samarbeid på tvers mellom aktørar innan kunstig intelligens, skule og utdanning
Seminaret er ope for alle interesserte. Det er gratis og utan krav om påmelding. Du kan delta på Zoom eller møte opp i Guristova (2.etasje) ved campus Sogndal.
PROGRAM
Kl 10.15 – 10.20 Velkomen ved Eivind Rogne og Jan Erik Ølmheim, HVL
Kl 10.20 - 10.50 Pratemotor i PfDK-studiet v/ Odin Nøsen
Kl 10.50 – 11.00 Pause
Kl 11.00 – 11.15
Panelsamtale om bruk av KI i skulen, pratemotorar, forsking frå skule og utdanning saman med IT- forum Vest – Øyvind H. Larsen, Vestlandsforsking – Malin Waage og avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU)- Kristine Ludvigsen.
Praktisk møteinformasjon:
https://hvl.zoom.us/j/66748587146?pwd=XVTdrCkPnCFQMCJOZMaRSL0nfF7skN.1
Meeting ID: 667 4858 7146 Passcode: 742572

IT-forum konferansen 2023, Bergen
Konferansen er frå lunsj-til-lunsj på Vestlandshuset, i storsalen. Festmiddag om kvelden blir i nabobygget, Scandic Ørnen.
Dette blir årets tema:
Kunstig intelligens: Kan KI supplere eller erstatte den humankapitalen vi manglar på Vestlandet, eller gir det oss fleire utfordringar? Ei fersk NHO-undersøking viser at bedriftene enno ikkje brukar KI i det daglege. Bli oppdatert og høyr døme frå dei som gjer seg nytte av kunstig intelligens.
Breiband: Konkurransen i breibandbransjen blir skjerpa gjennom ny regulering. Kva betyr det for oss i vår region?
Digitalisering: Korleis digitalisere for å inkludere? Korleis bygge inn digitalisering i ein splitter ny vidaregåande skule? Kva skjer "under panseret" når to bankar skal bli nye partnarar i kvardagen? Kva er dei siste trendane og kva kan vi bruke dei til i kvardagen?

Årsmøte for 2022
Årsmøtet for 2022 skjer 22. mars 2023, kl. 11.00 - 15.00, på Thon Partner Hotel, Førde. Innkalling er sendt på e-post og i sosiale medium to veker før.
IT-forum-konferansen 2022, Voss
Etter oppfordring frå mange, arrangerer vi ny IT-konferanse - den første etter at vi utvida til Vestland. Her finn du generell informasjon, program og oversikt over bedrifter og verksemder som er representert med deltakarar.

Digitalt frukostmøte: Slik "boostar" vi Vestland!
Vil du høyre korleis store draumar blir verkelege og om vi har godt nok nett i Vestland til gigabit-samfunnet?
Vi har samla spennande folk frå både næringsliv og offentleg sektor for å gje deg inspirasjon, motivasjon og konkrete råd og tips. Bli med!


Program og påmelding for IT-forum haustsamling 2018, 20.-21.nov i Førde
Program for IT-forum si opne haustsamling for medlemmar og alle interesserte er lansert.

I dag har vi hatt møte med digitaliseringsminister Nikolai Astrup
Vi har diskutert kva nedlegginga av Telenor sitt kobbarnett betyr for oss og midlar til fiberutbygging i Sfj