Næringsutvikling - teknologi
Vi skal vere med å utvikle næring og arbeidsplassar innan teknologi, gjerne i internasjonale samarbeid. Bakgrunnen for satsinga er at Noreg ligg lågast i Europa i å starte bedrift.
IT-forum Vest skal vere ein støttespelar for å spinne næringsutvikling ut frå utdanning og kompetanseutvikling.
Temaplan for breiband og digitalisering løftar fram internasjonalt samarbeid. Internasjonale utviklingsprogram er ein viktig arena for å koble næringslivet på breiare samarbeid.
Arbeidet vil bidra til berekraftig næringsutvikling og grøn omstilling som er sentrale satsingar i desse programma. IT-forum Vest har brukarretta digitalisering som spesiale og brei kompetanse innan internasjonale prosjekt. Dette kan hjelpe bedrifter.
Helseteknologi er det næraste tema området IT-forum Vest kan engasjere seg i for å stimulere ny næringsutvikling.
Vi skal:
Samarbeide med relevante interessentar ut frå prinsippet om å bidra og støtte dei som vil noko.
Delta på arrangement og styrke nettverk både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Støtte Campus Vie-prosjektet (partnarskap mellom 21 ulike organisasjonar) i etablering av helserelatert kunnskaps- og næringsklynge i Sogn og Fjordane.
Effekt?
Lukkast vi med å nå målet, vil vi bidra til å etablere sterke næringsklynger med stort potensiale for vekst og utvikling av produkt og tenester som særleg det offentlege treng i framtida. Vestland vil styrke sin nasjonale og internasjonale posisjon.
Relevante interessentar:
Næringsliv
Kommunar
Helse Førde
Helse Vest
Vestlandsforsking
Kunnskapsparken
Sogn og Fjordane Næringsråd
Innovasjon Norge
Sparebankstiftinga Sfj
Sparebanken Sfj
Sunnfjord Utvikling