Aktuelt arkiv
IT-Forum Vest oppmodar sine medlemmar om å bidra i IT-utdanninga
IT-Forum Vest, var initiativtakar til ei IT-utdanning i regionen som vart etablert ved Høgskulen på Vestlandet i Førde. No oppmodar vi våre medlemmar om å bidra med kunnskap rett frå beste praksis. Lukkast vi med det, er det ein vinn -vinn situasjon for studentar, verksemder i regionen og HVL i Førde
IT-forum er omtala som døme på eit regionalt nettverk i den nye Distriksmeldinga
IT-forum er omtala som døme i “Meld. St. 5 (2019 –2020) Melding til Stortinget” om “Levende lokalsamfunn for fremtiden”
Offisiell opning av nytt studie i Informasjonsteknologi 15.aug i Førde
IT-forum deltek aktivt på den offisielle opninga til Høgskulen på Veslandet sitt nye studium i Informasjonsteknologi i morgon i Vie i Førde frå kl 10- 1230.
Pressemelding, 19.04.2018 Stor pågang til nytt IT-studium i Førde
Det nyoppretta bachelor-studiet i informasjonsteknologi i Førde har fått gode søkjartal ved det første opptaket. 30 personar har IT-studiet som førsteprioritet, og i alt har 158 søkt studiet.
Prosjektstilling for nyoppretta IT-utdanning i Førde
I samband med den nyoppretta bachelor-utdanninga innan IT i Førde søkjer Høgskulen på Vestlandet (HVL) etter ein person i ei 100 % prosjektstilling.
Implementering av velferdsteknologi i kommunane
Ein konferanse om erfaringar med planlegging og implementering av velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane. Skei Hotell, 11. februar 2016 kl. 10.00 – 16.00
IT-forum får støtte til næringsretta IT-utdanning i Sogn og Fjordane
Regjeringa gjev IT-Forum Sogn og Fjordane 1,5 millionar kroner til å utvikle ei regionalt tilpassa IT-utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Framtida vil krevje meir av oss
I digitaliseringa sin tidsalder må alle arbeidstakarar løfte kompetansen sin. Norge treng difor fleire kreative realistar og teknologar for å lukkast i framtidas arbeidsliv. Næringsretta IT-utdanning er eit godt grep
Pressemelding: Nasjonal støtte til sterkare satsing på IKT-utdanning i fylket
Kompetanseutvikling i regionale næringsmiljø
Breibandløftet 1–8 har gjeve 99 % av fylket 1. gen. breiband
Breibandløftet 1-8 er prosjekt-rekkja som over tid har gjeve 99% av fylket 1.generasjon breiband
Høykom-prosjekta
HØYKOM var breibandsatsinga i regi av Norges forskningsråd, 1999 - 2008. Ei utlysing av program-restmidlar i 2012 gjer at fylket framleis har eit aktivt prosjekt der fire bygder på Eid og i Førde får breiband støtta av nasjonale midlar.
Distrikt 2004 (fullført)
Hovudmål for prosjektet er å vidareføre ei samordna og effektiv utbygging av breibandkapasitet i heile fylket Sogn og Fjordane
Kunnskap kryssar grenser (fullført)
Innovasjon Norge har i samarbeid med IT-forum Sogn og Fjordane sett i gang forprosjektet ”Kunnskap kryssar grenser”
Digitalt Skulesamarbeid (fullført)
Vellukka skuleprosjektsatsing 2006-2010: Infrastruktur, LMS og kursing.
Integrerte kommunale tenesteportalar (fullført)
Samordna utvikling av avanserte breibanddrivande innhaldstenester frå kommunale, regionale og statlege etatar med vekt på brukarløysingar med PKI, integrerte GIS-tenester og samordna utrulling av breiband.
BreIS (fullført)
Eit hovedverkemiddel for å vidareutvikle eksisterande verksemder og å stimulere til nyskaping i ein utkantregion er å gje verksemder og gründerar dei same rammevilkåra som dei ville ha hatt om dei etablerte seg i meir sentrale strok av landet.