Nyttårshelsing frå leiar og sekretariat
Kjære medlemmar,
Helsing frå styreleiar
«2020 har vært et helt spesielt år som vi alle kommer til å huske. Pandemien innen få dager endret alt vi var vandt til og har vært en veldig stor driver for digitalisering. Norge som land, men og Vestland fylket har hatt god nytte av tidlig fokus på høyhastigheitsbredbånd og utbygging av fiber. I løpet av kort tid var det plutselig et reelt scenario at foreldra hadde hjemmekontor mens barna samtidig hadde videokonferanse med skolene. For dem som hadde et godt breibandstilbud for dem funket dette bra, mens de som ikke hadde tilgang på høghastighetsbreiband ble satt i en vanskelig situasjon. Dette har vist kor avgjørende IT-forum si breibandssatsing har vært og at den har stor verdig for samfunnet. Framover blir det viktig å fortsette med arbeidet for å sikre at ingen står utenfor det nye digitale samfunnet i regionen vår. Telenor si nedlegging av kobbernettet fører til at utbyggingen som gjennstår bør skje enda raskere enn det vi har sett hittil.»
Om aktiviteten i 2020 frå sekretariatet
IT-Forum Vest har som de veit gjennom over 20 år arbeidd i heile tidlegare Sogn og Fjordane fylke og har hatt alle kommunar der involvert. Etter omskiping til ei foreining og namneendring til IT-forum Vest i 2019 er no arbeidsområdet heile Vestland fylke.
I arbeidet med e-helse/velferdsteknologi blir no alle kommunane i Vestland deltakarar gjennom det nye prosjekt som nettopp er finansiering med 3,2 mill frå Fylkesmannen i Vestland. Og utfrå dette prosjektet vil det no også blir sett i gang næringsutviklings- og innovasjonsarbeide som skal utløyse potensialet for næringsutvikling frå helseområdet, jamfør «Helsenæringsmeldinga».
I tillegg har breibandarbeidet no heile Vestland fylke som nedslagsfelt, leverandørar frå gamle Hordaland har meldt seg inn i IT-forum og me er i dialog med Vestland fylkeskommune om utlysingar og innretning på arbeidet med breibandmidlar i 2020. Og IT-forum er aktive med møte t.d. med Distrikts- og digitaliseringsministeren, seinast på Hoven Loen 15. juni, for å styrke løyvingane til digital infrastruktur i heile Vestland. Og i direktemøte med Telenor 15.oktober for å følgje opp infrastruktur spørsmål knytt til nedbygging av koparnettet.
For arbeidet med mangfald og teknologi har aktiviteten «Kvinneløftet – FixIT» kome i gang med samarbeid i det tidlegare Hordaland og har hatt seminar i Bergen for å knyte kontakt til næringsliv og til næringsklyngene i Hordaland. I mobiliseringsarbeid for IT-utdanninga ved Campus Førde er vi framleis ein aktiv støttespelar i nye initiativ. Og arbeidsgruppa IT-Forum Oppvekst og utdanning rakk i januar ein studietur til London på BETT, som er den største messa i verda for teknologi i skulen.
IT-Forum Vest har søkt om partnarskapsavtale med Vestland fylke for 2021 og 2022 og vi ventar i spenning på avgjerda som kjem tidleg i januar. Den 13.januar har styret planlagt ein strategidiskusjon og dato for årsmøte er sett til torsdag 25.februar. Gjer vel å set av denne datoen!
Styret og sekretariatet i IT-forum Vest ønsker alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!