Sommarhelsing frå styret i IT-forum Sogn og Fjordane
Gode bidragsytar og støttespelar til IT-forum Sogn og Fjordane!
Vi i styret ønskjer deg ein god sommarferie, men vi vil også nytte høvet til å informere litt om det som skjer. Det er viktig for oss at du er oppdatert, enten du deltek i ei av arbeidsgruppene, støttar oss i kvardagen eller representerer samarbeidsaktørane frå akademia, næringsliv og offentleg sektor.
Har du fått med deg at IT-forum Sogn og Fjordane blir til IT-forum Vest? At vi har opna opp for samarbeid sørover i det nye fylket Vestland? At vi skal endre organiseringa til foreining og at vi difor jobbar med å få på plass nye vedtekter og eit skipingsmøte? Det er konsekvensane av ein ny strategi, vedteken på representantskapsmøte i IT-forum Sfj i april.
Vårt samfunnsoppdrag er i hovudtrekk det same som før, berre formulert enklare og med nytt namn:
IT-forum Vest skal gjennom eit breitt samarbeid sikre at lokale og regionale miljø er i fremste rekke i å nytte IT i næringsliv, offentleg sektor, opplæring og utdanning. IT-forum initierer, samordnar og sikrar felles utviklingsaktivitetar til nytte for heile regionen.
Det nye styret er i full gang med arbeidet, som vi meiner er ein naudsynt konsekvens av endringar i tida. Vi ber deg difor om å halde fram med å bidra godt inn for fellesskapet, følgje godt med og kome med innspel til kva som er viktig å ha med i det vidare arbeidet. I vår sommarhelsing, kan du lese meir om arbeidet vi gjer, status for arbeidsgruppene og viktige datoar. Merk særleg at vi har planlagt skipingsmøte for IT-forum Vest 18.oktober kl. 0930-1130 på Skei. Det første ordinære årsmøtet i den nye foreininga er førebels lagt til 12. februar 2020. Fint om du held av dagane i kalenderen din allereie no.
God sommarferie!
På vegner av styret i IT-forum Sogn og Fjordane
Anne Mette Hjelle, styreleiar
Sommarbrev 2019 i full lengde med statusoppdateringar les du her.