Restutbygginga av breiband i Gloppen
Prosjektet gjennomført frå mai 2018 til september 2020 har gjeve breiband til husstandar, bedrifter og fritidsbustader i Gloppen kommune. Før utbygginga hadde områda ingen breibanddekning.
Satsinga på 11 millionar har bygd fiber til 354 husstandar og klargjort for 695. Utbyggar har vore Enivest.
Prosjektleiar i Gloppen kommune er Geir Liavåg Strand. Prosjektleiar i fylkeskommunen er Kristin Arnestad.