Styre og administrasjon
Styret
-
Frode Schanke (styreleiar)
Frode Schanke er IT-sjef i Helse Førde. Han er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole, men har gjennom heile sin yrkeskarriere jobba innanfor IT området. Først som konsulent i Accenture, så som forretningsutviklar i Gjensidige Bank og dei siste 10 åra i Helse Førde
-
Karen Solheim Leiknes (nestleiar)
Karen Solheim Leiknes er direktør Kunde og Marked i Bergen Fiber. Ho har over 15 års leiarerfaring og har dei siste 18 åra jobba i fiber- og telekombransjen. Karen er opptatt av å fokusere på dei store samfunnsutfordringane og dei store linjene og ho brenn for god infrastruktur, som ho meiner er sjølve DNA’et i eit samfunn og at telekom spelar ei viktig rolle her. Ho er også opptatt av å skape, utvikle og kommunisere slik at det gjev kundane verdi, samstundes som kunderelasjonen skal gje verksemda verdi. Ho er utdanna cand. mag. (4 år økonomi, strategi, språk), har masterprogram i økonomi for beslutningstakere og styrekompetanse frå BI.
-
Jenny Følling
Jenny Følling er ordførar i Sunnfjord kommune og medlem av KS sitt hovudstyre. Jenny er politikar i Senterpartiet og har m.a. vore fylkesordførar i Sogn og Fjordane i perioden 2015 til 2019 og varaordførar frå 2011 til 2015. Ho var 1. vararepresentant på Stortinget i perioden 2013-2017.
-
Merethe Stave
Merethe Stave er Chief Customer Officer og Senior Cloud Architect i CloudWay. Ho flytta heim til Stadlandet i 2021 under pandemien, der ho jobbar heimafrå innimellom alle konferansane ho deltek på. Ho er ein bloggar og anerkjend foredragshaldar og har bidratt på konferansar som Modern Workplace i Paris, SharePoint Saturday i London og fleire gonger i Teams Nations online-konferansen. Ho blei i 2020 kåra til ein av Norges 50 fremste kvinner i tech.
-
Per Christian Engdal
Per Christian Engdal er høgskulelektor ved dataingeniør- og informasjonsteknologi-studia ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), og studieprogramkoordinator for informasjonsteknologistudiet ved HVL Campus Førde. Han er sivilingeniør i datateknikk fra NTNU, med lang erfaring frå IT-relatert verksemd både frå industrien og det offentlege. Engdal har hatt ulike leiarstillingar dei siste 20 åra og har også erfaring med gründerverksemd både frå eige selskap, og som rådgjevar for andre.
-
Christiane Ulriksen
- Jeg heter Christiane Ulriksen kom inn i styret i 2017, da var vi IT-Forum Sogn og Fjordane. Jeg er bredbåndsambassadør, teknologientusiast og har stor tro på det tverrfaglige samarbeidet IT-Forum Vest står for. For meg er det utrolig motiverende å kunne bistå til at vi lykkes i hele Vestland. Når det gjelder utdanning, kan jeg vise til MBA og MSc. i ledelse samt diplom i økonomi.
-
Jørn Stenehjem
Jørn Stenehjem er seksjonsleiar utvikling i Digitaliseringsdirektoratet, med hovud-arbeidsstad Leikanger. Før han kom til Digitaliseringsdirektoratet, var han IKT leiar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - det som no heiter Statsforvaltaren i Vestland. Han var også i mange år tilsett i Lerum Fabrikker som IT Manager. Han har studert automasjon ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
-
Falk Michael Tewes
Falk Michael Tewes er fagdirektør for IT og dokumenthandtering i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Han har master i Business Administration, og Master of Science innan IT-Management, med fokus på Business Intelligence og IT Security som hovudfag. Falk har meir enn 15 års erfaring som leiar innan IT-utvikling, IT-service, IT-infrastruktur/arkitektur, prosjekt leiing og kunde orientert rådgjeving.
-
Ola Alsterholm
Ola Alsterholm er assisterande direktør for organisasjon og strategi hos Statsforvalteren i Vestland. Tidlegare har han blant anna vore seniorrådgjevar ved Høgskulen på Vestlandet, dagleg leiar i SGNskis AS og Corporate Communications Manager på Volvo CE Europe. Ola har ein master frå HVL i Innovasjon og ledelse og bachelor frå University of North Carolina Wilmington og Kedge Business School.
Administrasjon
-
Ivar Petter Grøtte
Ivar Petter Grøtte leiar administrasjonen og har vore ein ressursperson i IT-Forum sidan etableringa i 1995. Han er forskingsleiar ved Vestlandsforsking og har lang erfaring frå forskingsprosjekt innan felt som digitalisering i offentleg sektor, regional utvikling, e-helse og reiseliv. Han har eit stort internasjonalt nettverk og har leia fleire EU- og Interregionale prosjekt. Han er ein ressursperson og viktig drivkraft for å styrke utbygginga av breiband i vår region. Ivar Petter er cand.scient. i informatikk frå Universitetet i Oslo.
(Sjå kontaktinformasjon under).
-
Øyvind Heimset Larsen
Øyvind Heimset Larsen er tilsett i Vestlandsforsking, med 15 års erfaring som prosjektleiar og forskar innan IKT og regional utvikling, breiband og IKT innan skule- og helsesektoren. Han har jobba i administrasjonen for IT-Forum Vest i mange år med særleg engasjement i IKT i oppvekst og utdanning. Øyvind er sivilingeniør frå NTNU ved fakultet for industriell økonomi og teknologileiing.
(Sjå kontaktinformasjon under).
-
Anne Mette Hjelle
Anne Mette Hjelle driv eige rådgjevingsselskap i Peak Sunnfjord-miljøet i Førde, etter ti år som kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Ho har vore ein del av IT-Forum Vest i mange, både i prosjektarbeid og i styret. Anne Mette var styreleiar i to år og seinare styremedlem, før ho gjekk ut av styret i 2021 og no er ein del av drifta. Ho har ein Executive Master of Management frå Handelshøyskolen BI. Les meir på ymsir.no.
(Sjå kontaktinformasjon under).