IT-forum Vest møtte Distrikts- og digitaliseringsministeren
Måndag møtte IT-Forum Vest Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) på Hoven i Loen. På vegne av IT-Forum møtte styreleiar i IT-forum Christiane Ulriksen og Ivar Petter Grøtte frå sekretariatet. Til stades var også politisk rådgjevar Maren Aasan, direktør Richard Grov Hotell Alexandra og Loen Skylift, styremedlem Arild Bødal, Sogn og Fjordane næringsråd, dagleg leiar Bjørn Lødemel Sogn og Fjordane næringsråd og Ekspedisjonssjef Anne Karin Hamre, Kommunal og moderniseringsdepartementet.
IT-Forum presenterte sine satsingsområder, og eit over 20 år langt samarbeid mellom næringsliv, offentleg sektor og FoU. Statlege breibandsmidlar, som er ansvarsområde for ministeren, er eit viktig tema for vårt fylke og for IT-forum. Koronapandemien har vist kor viktig det er at alle har tilgang på høghastigheitsbreiband.
Sogn og Fjordane har gjennom godt samarbeid mellom kommunane, fylkeskommunen og IT-forum vore heilt i tet på utbygging av breiband i landet. Men endring av tildelingskriterier i 2019 førde til redusert tildeling til Sogn og Fjordane og andre stadar i Distrikts-Norge. Vi har forståing for at nedlegging av koparnettet skaper utfordringar også i sentrale strøk, men vi meiner at område i distrikta som i tillegg til mangel på godt nok breiband også har svært dårleg mobildekning, må prioriterast høgt. Dei som bur slike stadar har ikkje alternativ og breibandmidlane bør brukast der det er størst behov. Vi har bedd om å kunne komme med innspel til tildelingskriteriene før midlane i 2021 blir bestemd.
IT-Forum Vest meiner at erfaringane frå koronapandemien viser at all bør få breiband snarast mogeleg. Pandemien har vist at det er faktisk er et realistisk scenario at begge foreldre og barn arbeider heimefrå samtidig, td. med videokonferanse. Dei som har tilgang på høghastighetsbreiband kan vere med, medan dei med dårlig breiband slit. Situasjonen har tydelig vist at høghastigheitsbreiband har svært stor samfunnsnytte.
It-Forum Vest hadde desse innspela:
Auke breibandstilskota slik at alle snarast mugleg får tilgang til høghastigheitsbreiband
Rettferdige, transparente og forutsigbare tildelingskriterier
Ambisiøse kapasitets- og dekningsmål
Betre mobildekning der folk ferdast 4G/5G.
Fylkesvis og lokale breibandsråd/beredskapsråd
Vi tok også opp et innspel vi hadde mottatt frå vårt medlem Helse Førde. Dei legg ned store ressursar i arbeid med innovasjon og digitalisering, og kan bl.a. vise til suksessrike satsingar som NORSE og «Pust deg betre». Helse Førde har samla mange verdifulle erfaringar med auka bruk av digitale løysingar under koronapandemien. Internt og mot pasienter fungerer systema godt, men dei møter utfordringar når det gjeld kommunikasjon mot eksterne plattformer som Teams, Skype, Zoom eller andre. Vi tok derfor opp utfordringar knytt til mangel på kompatibilitet mellom ulike digitale samhandlingsløysingar, og at desse kunne løysast ved f. eks. eit krav om at alle nye videoløysingar innan helse må kunne kommunisere over same møtebru.
Vi er glade for at vi blei invitert til å presentere våre innspel for Distrikts- og digitaliseringsministeren, og vi ser fram til vidare god dialog.
Bilder:
Gruppe oppe på Hoven i Loen:
Fotograf Christiane Ulriksen: På bildet frå venstre: Maren Aasan (politisk rådgjevar), Anne Karin Hamre (Ekspedisjonssjef i regionalavdelinga KMD), Ivar-Petter Grøtte (sekretariatsleiar IT-Forum Vest, Arild Bødal ( Styremedlem Sogn og Fjordane Næringsråd, Richard Grov (dagleg leiar Alexandra hotell/Loen Skylift), Linda Hofstad Helleland (Distrikts- og digitaliseringsminister) og Bjørn Lødemel dagleg leiar i Næringsråd Sogn og Fjordane)
Loen Skylift gondol:
Anne Karin Hamre: På bildet frå venstre: Bjørn Lødemel (dagleg leiar i Næringsråd Sogn og Fjordane) Christiane Ulriksen (Styreleiar IT-Forum Vest) og Linda Hofstad Helleland (Distrikts- og digitaliseringsminister)
Kontakt:
IT-Forum Vest, styreleiar Christiane Ulriksen, mobil: 909 88 461
Helse Førde, IT-sjef Frode Schanke, mobil: 93428001