Årsmøte for IT-Forum Vest

Årsmøtedato er no fastsett til torsdag 18. mars 2021. I melding til medlemmane i desember vart det plangd med årsmøte i februar. Men avgjerda etter utlysing av  partner-skapsavtalar med Vestland fylkeskommune vart utsett frå desember til slutten av januar. Denne avgjerda hadde stor betydning for vidare satsingar i 2021 og framover, og både styremøte og årsmøtet måtte derfor skyvast noko. 

Vedtaket i Vestland fylkeskommune gav full utteljing i høve søknaden om ein partnerskapsavtale mellom fylkeskommunen og IT-forum Vest for utviklingsarbeid i åra 2021 og 2022. Avtalen betyr eit økonomisk bidrag på ein million kroner pr år. Det legg grunnlag for auka satsing og auka aktivitet. 

IT-forum Vest kallar derfor inn til årsmøte torsdag 18. mars 2021 kl 10:00 - 12:00. Årsmøtet blir halde digitalt eller hybrid med fysisk oppmøte avhengig av utvikling i smittesituasjonen for Covid-19.  

Sakliste er følgjande: 

  1. Årsmelding

  2. Revidert rekneskap

  3. Strategi og handlingsplan for 2021/2022

  4. Innkomne framlegg

  5. Medlemsavgift

  6. Budsjett

  7. Val

    • Leiar og nestleiar

    • Styremedlemar

    • Varamedlemar

    • Valkomite

    • Revisor


      Forslag som skal handsamast på årsmøtet, må vere sendt til styret seinast to veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste vil vere tilgjengeleg for medlemane seinast ei veke før årsmøtet.

      Vennleg helsing

      Christiane Ulriksen
      Styreleiar

Forrige
Forrige

Rekordstor deltaking på årsmøtet!

Neste
Neste

Pressemelding: IT-forum Vest får partnerskapsavtale med Vestland fylkeskommune