Vi løftar i lag!
IT-forum Vest er eit utvida regionalt samarbeid mellom næringsliv, offentlege aktørar og FoU-miljø, løftar vi i lag og forsterkar rolla som ein viktig utviklingspartnar i det nye Vestland.
Vårt samfunnsoppdrag er å bidra til berekraftig vekst i Vestland gjennom eit breitt samarbeid om IT i næringsliv, offentleg sektor, utdanning og forsking. IT Forum Vest tek initiativ til, samordnar og bidrar i felles utviklingsaktivitetar til nytte for heile regionen.
Vår visjon er å vere ein viktig alliansepart og sterk bidragsytar for å skape ein god morgondag for alle i Vestland gjennom bruk av teknologi.
Våre verdiar er brukarnytte, samarabeid og mobilisering.
Vårt nettverk har aktiv arbeidsgruppe for oppvekst, rekruttering og mangfald. Vi bistår Vestland fylkeskommune i arbeidet med breiband og digitalisering. Vi står bak satsingar som nytt IT-studium i Høgskulen på Vestlandet, er medarrangør for konferansar og har eigne nettverks-samlingar. Les meir om våre aktivitetar i årsmeldingane under.
Vil du bli medlem?
Dette får du som medlem av IT-forum Vest:
Tilgang til nyttig og verdifullt nettverk både i offentleg og privat sektor, FoU og akademia i Vestland og nasjonalt
Strategisk og praktisk sparringhjelp frå administrasjonen/styret til å løyse problem og nå eigne mål, t.d søknadsskriving og hjelp til å opne dører.
Tilgang til ein arena og kanal for partnarskap og samfunnsansvar mtp berekraft
Høve til å påverke politiske og administrative prosessar i våre høyringsuttaler
Høve til å påverke tema og innhald på våre arrangement
Deltaking i felles merkevare
Dette kostar medlemskapet:
Vår medlemskontingent er endra frå tidlegare. For året 2024 er den differensiert på storleik på medlemsverksemdene. Dette vil gjere det enklare å bli medlem, særleg for dei aller minste organisasjonene med få tilsette og for nystarta verksemder.
NOK 5 000,- for verksemder med fem tilsette eller mindre og under NOK 5 mill i årleg omsetnad.
NOK 20 000,- per år i kontingent for verksemder med meir enn fem tilsette eller meir enn NOK fem mill i årleg omsetnad.
Dotterselskap av eksisterande medlemmer i IT-forum Vest får 50 % rabatt.
Gründerbedrifter stifta innan dei tre siste åra får 1-års gratis medlemsskap.
Om du ønskjer å melde deg inn som medlem IT-Forum Vest, fyll ut vårt innmeldingsskjema eller ta kontakt med administrasjonen ved Øyvind Heimset Larsen på e-post: ohl@vestforsk.no.
Historie
Forløparen til IT-forum Vest var IT-forum Sogn og Fjordane, etablert i 1995.
Det var årsmøtet i IT-forum Sogn og Fjordane i 2019 som avgjorde vegen vidare i det nye fylket, Vestland. Konklusjonen vart å halde fram samarbeidet og opne opp for partnarskap og nettverk sørover. Les vurderinga i Strategidokumentet.
Skipingsmøtet for IT-forum Vest fann stad på Skei 18.10.2019. 14 samfunnsaktørar og medlemmar av representantskapen i det tidlegare IT-forum Sfj vart med vidare inn i den nyskipa foreininga. Du kan lese årsmeldinga for 2019 her.
Forskingsrapport frå Vestlandsforsking (2018) gir god innsikt i historia til IT-forum Sogn og Fjordane som nettverk, møteplass og drivkraft for “superheltar”.
Meir om IT-forum finn du i denne artikkelen Fjordantologien 2018 “Kapittel 6: På jakt etter suksessformelen for samarbeidsnettverket IT-forum Sogn og Fjordane“ og frå tidlegare leiarar, Jan Heggheim i Porten 06.03.2015 - IT-forum, eit føredøme? og Gunnar Hæreid i Firda 30.05.2018 -Kva ville fylket vore utan IT-forum?
Modellen under, basert på Trippel-Helix, viser aktørane i det tidlegare IT-forum Sogn og Fjordane. Mange av dei same aktørane er med vidare inn i IT-forum Vest.
Tidlegare arbeidsgrupper i IT-forum er: Digitalisering, Leverandørnettverk, Teknisk drift og utvikling, Oppvekst og utdanning, eForvaltning, KxG
Representantskapen opprettar og legg ned nettverk ut frå strategiske val. Større aktivitetar i IT-forum blir oftast organiserte i prosjekt, til vanleg organisert av to eller fleire medlemer saman. Prosjektgruppene står for gjennomføring av tidsavgrensa aktivitetar medan nettverka organiserer meir langsiktige og breie aktivitetar med større vekt på informasjons- og kunnskapsutveksling. Nettverka omfattar også etablering av strategiske alliansar med andre brukarforeiningar, organisasjonar og programsatsingar.