IT-Forum Vest oppmodar sine medlemmar om å bidra i IT-utdanninga

For å skape eit betre fagmiljø ved IT- utdanninga i Førde etterspør HVL førelesarar frå organisasjonar i regionen. HVL tenkjer at dette skal kunne takast som 10-20% stilling i tillegg til vanlig jobb. IT-forum Vest oppmodar både eigne medlemmar og alle andre om å bidra for å løfte fagmiljøet.

Initiativet frå HVL som etterspør førelesarar frå verksemder i regionen ser vi som positiv for studentar, studiet og for næringslivet. Studentane får profittere på kunnskap rett frå praksisen og næringsliv og organisasjonar får tidleg anledning til å knytte gode kontaktar til framtidige arbeidstakarar. Vi håpar og på at initiativet aukar mangfald i fag- og studiemiljøet på sikt. Vi oppmodar og verksemder om å legge ut enno fleire tilbod om relevante sommar og sidejobbar på framtidsfylket.no, for dette støttar og oppunder studiet seier Christiane Ulriksen, styreleiar i IT-Forum Vest.

Bakgrunn for at IT-studiet etablert av HVL i 2018 særleg engasjerer IT-Forum Vest er følgjande: Idéen om etablering av ei IT-utdanning i fylket tok for alvor form etter IT-forum sin studietur til India hausten 2013. Der såg me kor viktig utdanningsinstitusjonane var for dei store IT-selskapa, og kor viktig nærleiken til dei var.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte så ei kartlegging blant offentlege og private verksemder av interessa og behova for eit IT-utdanning. Kartlegginga vart sett i gang i regi av Stat-Nærings-samarbeidet som Fylkesmannen leia. Den viste eit stort behov for IT-kompetanse; både i private og i offentlege verksemder. Styret i IT-forum tok med dette underlaget initiativ til fleire prosjektsatsingar på førebuing og mobilisering til IT-studie som ei prosjektgruppe jobba med frå 2014-2019.

Sjølv om IT-utdanningsprosjekta våre formelt sett er avslutta, står det att viktig arbeid for å sikra eit levedyktig IT-studium i regionen vår. Arbeidet 2014-2020 har vist oss at ikkje noko kjem gratis og av seg sjølv og at det heile tida må arbeidast for å halda studiet oppe. IT-forum Vest ser det framleis som ei viktig oppgåve med å bidra til at IT-studiet i Førde får eit så solid grunnlag at det kan bli sikra. Det vedlagte notatet frå HVL fortel oss at det viktigaste no er å støtte opp om eit betre fagmiljø. Det gjer vi gjerne.

Kontakt: Leiar IT-Forum Vest Christiane Ulriksen, Enivest: 909 88 461

Vedlegg: Notat frå HVL

Pressemeldinga i pdf-versjon

Forrige
Forrige

Tre grep for vellukka implementering av velferdsteknologi

Neste
Neste

IT-forum Vest møtte Distrikts- og digitaliseringsministeren