Pressemelding, 19.04.2018 Stor pågang til nytt IT-studium i Førde

Det nyoppretta bachelor-studiet i informasjonsteknologi i Førde har fått gode søkjartal ved det første opptaket. 30 personar har IT-studiet som førsteprioritet, og i alt har 158 søkt studiet.

- Dette er vi veldig glade for og det viser at det gode samarbeidet mellom IT-forum Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet (HVL) har gjeve resultat, seier tidlegare leiar for IT-forum, Gunnar Hæreid. Også dekan Geir Anton Johansen ved HVL rosar det gode samarbeidet og er godt nøgd med søkjartala til det nye studiet.

IT-forum Sogn og Fjordane starta arbeidet med å etablera ei IT-utdanning i 2014 i tett dialog med IT-verksemder i fylket. Gjennom eit godt samarbeid med Innovasjon Norge, Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet, har IT-forum med Vestlandsforsking som prosjektleiar, etablert eit grunnlag for ei IT-utdanning som no har resultert i 158 søknader og av desse 30 med studiet som førsteprioritet. Alt ligg dermed til rette for at bachelor-utdanninga startar til hausten og at vi får eit permanent tilbod om IT-utdanning i Sogn og Fjordane.

Campus Førde vil bli styrka med IT-kompetanse i samband med det nye IT-studiet. Det vil elles bli tett samarbeid mellom Bergen og Førde sidan store delar av studieplanen er identisk med IT-utdanninga i Bergen, og det vil vera lett å utveksla lærekrefter.
IT-studiet i Førde er også viktig for studiestaden Førde og nærregionen Sunnfjord, seier nyvald leiar i IT-forum, Anne Mette Hjelle. - Dette er veldig bra! Denne regionen har mange IT-arbeidsplassar innan både offentleg og privat sektor og med denne utdanninga vil rekruttering bli enklare, seier ho.


Kontaktinformasjon:
Gunnar Hæreid, tidlegare leiar for IT-forum Sogn og Fjordane, tlf. 911 80 626
Anne Mette Hjelle, leiar for IT-forum, tlf. 992 84 302

IT-forum Sogn og Fjordane blei etablert i 1995, og er eit breitt samarbeid og spleiselag som skal sikre at Sogn og Fjordane er i fremste rekkje i å utnytte informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i næringsliv, offentleg sektor, opplæring og utdanning. IT-forum utfører eit omfattande arbeid med å initiere, samordne og sikre viktige utviklingsaktivitetar til nytte for heile fylket.

Pressemeldinga i pdf-format

 

Forrige
Forrige

Hæreid med lesarinnlegg i Firda

Neste
Neste

Internasjonalt samarbeid om innovasjon i offentleg tenesteyting