BreIS (fullført)
Eit hovedverkemiddel for å vidareutvikle eksisterande verksemder og å stimulere til nyskaping i ein utkantregion er å gje verksemder og gründerar dei same rammevilkåra som dei ville ha hatt om dei etablerte seg i meir sentrale strok av landet.
Breibandutbygging er ein del av desse rammevilkåra. Regional koordinering og marknadsmakt gjennom samarbeid mellom fylkesnivået, kommunar og lokalt næringsliv er ein sentral strategi for å stimulere regional utvikling og sikre at regionen blir interessant for breibandutbygging.