Framtida vil krevje meir av oss
NHO Sogn og Fjordane støttar regional IT-utdanning
I artikkel på eigne nettsider og i innlegg i Firda 06.01.2015 slår NHO Sogn og Fjordane fast at framtida krev meir av oss og at arbeidslivet i aukande grad vil bli prega av digitalisering og automatisering. Dei føl opp med å støtte IT-forumsatsinga:
"IT-Forum i Sogn og Fjordane har nyleg fått løyving frå regjeringa til å utvikle ei næringsretta IT-utdanning der bedriftene er med på å gje innspel til korleis studiet bør utviklast. Dette er eit godt og viktig grep for å sikre at framtidas arbeidskraft har rett kompetanse."
Artikkelen les du på NHO sine sider.