Implementering av velferdsteknologi i kommunane
Ein konferanse om erfaringar med planlegging og implementering av velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane
Skei Hotell, 11. februar 2016 kl. 10.00–16.00
Fase 2 i fylkesprosjektet "Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane" starta våren 2015 og vert avslutta med denne konferansen. Åtte kommunar har deltatt som pilotkommunar i fase 2, nokre med utprøving av konkrete teknologiar og nokre med utgreiing av sentrale utfordringar kommunane møter i samband med økt krav om å vurdere eller inkludere velferdsteknologi i pleie- og omsorgstenestene. Pilot- og delprosjekt frå fase 2 vil bli presenterte på konferansen, med vekt på praktiske erfaringar som dei enkelte kommunane har gjort seg gjennom prosjektet.
Behova for å lære meir, etablere ytterlegare kjennskap til og praktiske erfaringar med velferdsteknologi, er fortsatt stort. Målet med konferansen er ikkje berre å setje sluttstrek for fase 2, men og å invitere til vidare utvikling og samarbeid på tvers av kommunar og institusjonar i fylket. Vi ynskjer difor alle kommunane velkomne til konferansen, uavhengig av kva som er status i kommunen sitt arbeid med velferdsteknologi. Over hundre deltakarar er påmelde til konferansen.
Kontaktpersonar:
Marta Strandos, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (marta.strandos@forde.kommune.no)
Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking (hgc@vestforsk.no)
Ivar Petter Grøtte, IT-forum (ipg@vestforsk.no)
Program:
9.30–10.00 Kaffi og registrering
10.00–10.30 Velkommen til seminar ved Assisterande Fylkesmann Gunnar Hæreid. Introduksjon til prosjektet Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane, ved Marta Strandos og Hilde G. Corneliussen
10.30–11.00 Helsedirektoratet informerer om status for det nasjonale velferdsteknologiarbeidet
11.00–11.15 Kaffipause
11.15–12.00 Tryggleikspakkar for heimebuande i Årdal kommune, i samarbeid med Alarmsentralen Sogn og Fjordane 12.00 – 13.00 Lunsj
13.00–13.30 Tryggleikspakke i omsorgsbustader i Jølster kommune
13.30–14.00 Velferdsteknologi og kommunal utbygging, ved Eid kommune
14.00–14.20 Kaffipause
14.20–14.50 Utprøving av medisindispensar i heimetenesta i Gloppen kommune
14.50–15.20 Sykkel og video i pleie- og omsorg i Vik kommune
15.20–16.00 Ambisjonar for neste fase av velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane og oppsummering, ved prosjektgruppa
16.00 Vel heim!
PS: kontaktinfo for opplæringsleiligheita i Stryn: Jan Olav Larsen, EnergiKompetanseSenteret AS, Prosjektleiar. Tlf: 922 14797, epost: jan.olav@energikompetansesenteret.no
PS2: Oppskrift på nedlasting: klikk pila nede til venstre på kvar presentasjon (share this), klikk på/kopier lenkje inn i eit nytt vindauge/ny fane. No dukkar "download" opp som eit alternativ under framvisinga.