IT-forum får støtte til næringsretta IT-utdanning i Sogn og Fjordane

Regjeringa gjev IT-Forum Sogn og Fjordane 1,5 millionar kroner til å utvikle ei regionalt tilpassa IT-utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

IT-forum Sogn og Fjordane er ein av ti regionale næringsmiljø som får støtte til kompetanseutvikling frå regjeringa. I alt var det 28 næringsmiljø med i konkurransen om midlane.

Gjev grobotn for vekst i fylket

Leiar i IT-forum Sogn og Fjordane og assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid takkar regjeringa og Innovasjon Noreg, og seier:

IT-næringa står alt sterkt i fylket, med opp mot 1000 arbeidsplassar i dag, både i privat og offentleg sektor. Truleg er dette berre starten. I framtida vert IT-kompetanse stadig viktigare. 

Støtta gjer oss i stand til å utvikle ei utdanning som både kan dekkje kartlagde behov frå privat og offentleg sektor, og lage grobotn for vekst. Vi vil kunne få langt fleire arbeidsplassar innan IT dersom vi får ei IT-utdanning til fylket.

Høgt etterspurt kompetanse

Viserektor for FoU Erik Kyrkjebø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er glad for at næringslivet no utfordrar høgskulen til å lage ei framtidsretta IT-utdanning. Høgskulen er oppteken av å vere relevante for næringslivet i regionen, og av å levere kandidatar med høgt etterspurd kompetanse. 

Tal frå samordna opptak viser stor auke i talet på søkjarar til IT-utdanningar i landet dei siste åra Målsetjinga må difor vere å rekruttere like mange til utdanninga frå utanfor fylket som frå fylket.

Nasjonal nyvinning

Prosjektleiar Svein Ølnes ved Vestlandsforsking seier hovudmålet er å utvikle og finansiere ei IT-utdanning på bachelornivå, som både kan dekkje behov for næringslivet, og som samstundes er ei nasjonal nyvinning. Han er glad for at næringa har vilje til å bidra til utdanninga til dømes gjennom undervisning og vertskap for studentutgåver. 

I alt 40 verksemder har delteke i kartlegginga eller kome med støtteskriv til søknaden. I tillegg har stortingsrepresentantane i fylket, fylkesordførar og varaordførar støtta søknaden. Ølnes legg til at dette viser kor sterkt samarbeidet mellom offentleg og privat sektor står i Sogn og Fjordane, og at vi får til det meste når vi arbeider saman for det.

IT-forum nyttar høvet til å gratulere Maritim foreining Sogn og Fjordane/GCE Subsea, som også har fått 1,5 mill kr til sitt prosjekt, «Etablera tilbod om samansett kompetanse retta mot havrommet og havromsteknologi».

For meir informasjon eller kommentarar, kontakt:
Gunnar Hæreid, Fylkesmannen, tlf. 91 18 06 26
Erik Kyrkjebø, Høgskulen i Sogn og Fjordane, tlf. 57 67 62 85
Svein Ølnes, Vestlandsforsking, tlf. 91 73 99 18

Fakta:
Kompetanseutvikling i regionale næringsmiljø
– Teneste i Innovasjon Noreg
– Deler ut 20 millioner kvart år til kompetanseutviklingLyser
– Skal bidra til kompetansearbeidsplassar over heile landet
– Prosjekta blir valde ut i samarbeid med Siva, Forskningsrådet og fylkeskommunane
– Finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Kjelde: Innovasjon Norge 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

IT-forum julemøte

Neste
Neste

Breibandsøknadar 2015