Distrikt 2004 (fullført)

Hovudmål for prosjektet er å vidareføre ei samordna og effektiv utbygging av breibandkapasitet i heile fylket Sogn og Fjordane. Arbeidet er sikra gjennom tett samarbeid med dei tre "regionale klustra" i fylket - Nordfjord, Sunnfjord & Ytre Sogn og Midtre - & Indre Sogn - utvikla i Skulenett S&Fj fase1 og 2.

Hovudmålet vart realisert gjennom følgjande operasjonelle delmål i samsvar med dei planane som prosjektet hadde:

1. Etablere breibandinfrastruktur til 3 nye grendelag med grunnskular i Nordfjord

2. Etablere breibandinfrastruktur til 5 kommunesentra i Ytre Sogn og Sunnfjord

3. Etablere breibandinfrastruktur til 2 nye grendelag med grunnskular i Sogn

4. Vidareføre felles overbyggande prosjektstøttefunksjonar med prosjektleiing, utviklingsforum, resultatformidling og ekstern kvalitetsrevisjon samordna med Breibandforum Sogn og Fjordane

Delmål 1 vert ikkje realisert før i juni 2005, og ny sluttdato for prosjektet er sett til 20. juni 2005. Dei andre delmåla vart nådde og er omtala her. I juni vert det utarbeidd eit vedlegg til denne sluttrapporten som omhandlar realiseringa av delmål 1. Dette etter avtale med HØYKOM sekretariatet.

Prosjektet har skapt alliansar over heile fylket. Særleg viktig er det utvida og forbetra samarbeidet mellom fylkeskommunen og dei tre regionane Nordfjord, Sunnfjord/Ytre Sogn og Indre Sogn. Slike alliansar har vore viktige i realisering av dette prosjektet, og vil også vere viktige i utvikling og gjennomføring av framtidige fylkesomfattande samarbeidsprosjekt.

Sluttrapport

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

IT-Forum teknisk drift og utvikling

Neste
Neste

Meldingsløftet i kommunane Fase II