Gizem og Raquel: - Vi treng fleire jenter i tech!
“Vi treng jenter i tech for representasjon i teknologiutviklinga!”
I Førde - ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) - finn vi to svært dyktige kvinnelige rollemodellar innan teknologi. Førsteamansuensis, Gizem Ates Venås, og senioringeniør Raquel Motzfeldt Tirach - begge forskarar. Dei to er ein sentral del av HVL robotics Førde, eit dynamisk team av studentar og forskarar som brenn for teknologi og innovasjon. Dei jobbar med spennande prosjekt innan kunstig intelligens, menneske-robot samarbeid, helseteknologi og robotteknologi generelt.
I dag var dei med IT-forum Vest ved Anne Mette Hjelle på skulebesøk i prosjektet “Jenter i tech”. Der møtte dei elevar og lærarar på Førde vgs for å fortelje om deira veg inn i teknologi, kva teknologi er, type jobbar som finst innan teknologi, kvifor vi treng jenter i tech og kva moglegheiter som finst. PS. Dei ønskjer seg veldig gjerne fleire studentar til HVL i Førde! Sjå gjennom deira presentasjon for tunge argument for kvifor fleire jenter (og gutar) bør satse på ei utdanning og jobb innan teknologi.
















Her er deira presentasjon (pdf)
Kort oppsummert:
Kva er tech eigentleg?
I dag er alle selskap tech-selskap - eller i det minste har alle selskap tech i seg!
Alle treng datamaskiner.
Alle har ei webside
Alle treng ei IT-avdeling
Alle brukar nettsky
Alle samlar inn og behandlar data (brukardata, salsdata m.m.)
Alle treng ei marknadsføringsavdeling
Jobb innan teknologi
Teknologi er eit veldig stort omgrep. Mange selskap jobbar med teknologi, frå Instagram til Tesla. Den lokale matbutikken din heilt til Microsoft brukar teknologi. Eit stå stort konsept betyr mange ulike typar jobbar innan mange felt:
Utvikling
Nettverk
IOT - Internet of things
Web- og app-utvikling
Kunstig Intelligens (KI)
Cybersercurity
Data
Brukargrensesnitt
Testing
Hardware
Sky
Design
Framveksten av KI vil ikkje ta bort jobbar, tvert imot. Den vil skape nye, meir kreative jobbar t.d. å lage eigne snapchatfilter, lage eigne dataspel eller lage eigen musikk.
Kvifor treng vi jenter i tech - ikkje berre som brukarar, men også som utviklarar? Ikkje for å danke ut gutta. Ikkje for å bli rik, men for å dekke forskjellar mellom kvinner og menn. Her er nokre døme på kvifor:
Symptom på hjerteinfarkt er ulikt mellom kvinner og menn.
Forskjellar i avstand mellom pupillane til kvinner og menn gjer at kvinner opplever meir kvalme ved bruk av VR-utstyr. Ved å involvere fleire kvinner i designprosessen kan slike problem blir redusert.
KI stemmegjenkjenning: Forskning har vist at kvinnestemmer blir gjenkjent med lågare nøyaktigheit enn mannsstemmer.
Tech-moglegheiter i Sunnfjord og Vestlandet:
Bli med på Global Game Jam på HVL Campus Førde 24.-26. janaur og lag eit eige spel på 48 timar.
Kom til høgskulen (campus Førde) for drop-inn leksehjelp på læringslaben kvar torsdag mellom 14:30-17:00 for matte, fysikk og programmering.
Studer informasjonsteknologi eller ingeniørfag ved HVL.
Bli forskar i tech (slik som dei)
Vil du vite meir om prosjektet Jenter i tech? Les meir på vår satsing her.