I Fjaler: - Teknologi er så utrulig mykje meir enn koding!

Det seier forskningsleiar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler, Tarja Rajalahti Kvalheim.

Ho var ein av tre kvinnelege rollemodellar som deltok på Jenter i tech-besøket ved Dingemoen skule i Dale i februar. Dei to andre var Marta Laukeland Kleiven, gruppeleiar og rådgjevar prosjektgjennomføring i Norconsult ASA , og Kjersti Engvik Nygaard, seniorrådgjevar ved fag- og utviklingsavdelinga i Helse Førde.

Viktig å inspirere dei unge!

Ingen av dei tre nølte når dei fekk spørsmål om å møte ungdomsskuleelevar i Dale. Det er viktig å inspirere dei unge! Alle er opptatt av å få fram kva moglegheiter som finst i teknologi og fortel meir enn gjerne om deira lokale arbeidsplassar, som representerer spennande karriermoglegheiter for elevane.

  • Marta Laukeland Kleiven ante sjølv ikkje kva ho skulle bli då ho var elev ved Fjaler ungdomsskule i si tid. Men etter reising, idrettsstudie i Bergen, enda ho opp med fysikk og matematikk ved NTNU i Trondheim. Det var eit godt val!

    I dag jobbar ho som rådgjevar i prosjektgjennomføring av kraftstasjonar med transformatorar, turbinar og kraftnett. Bedrifta, som har kontor på Ysteneset i Fjaler, heitte tidlegare Pecom AS, men er no ein del av Norconsult ASA. Les meir i hennar presentasjon her.

  • Kjersti Engvik Nygaard bur på Grytøyra, på Hellevik i Fjaler. Ho jobbar med digitalisering, prosjektleiing og implementering av IKT-system i Helse Førde. Kort handlar det om å bruke teknologi på ein måte som gjer arbeidet lettare - som hjelp i det arbeidet ein treng å få gjort.

    - Kunnskap og helse og teknologi blir veldig viktig framover og vil gje mange jobbmoglegheiter. Det blir viktig å forstå kunstig intelligens (maskinlæring) og bruke det rett for å hjelpe til i forskjellige jobbar, sa Kjersti til elevane.

  • Tarja Rajalahti Kvalheim jobbar med teknologi innan helse ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Flekke i Fjaler. Dei testar m.a. ut gaming i gangtrening og rehabilitering av pasiente - VR Walk!

    Tarja er tilflyttar til regionen og starta i si tid ved Universitetet i Helsinki i Finland. Ho fortel om ei fantastisk IT-utviklingsreise dei siste 40 åra:

    - Finland er ingeniørnasjon og eg har alltid vore interessert i realfag og teknologi. Eg tok EDB-kurs i gymnaset og fekk min første PC (Commodore 64) i 1983. På Tekniske Universitetet i Helsinki fekk vi bruke Apple Macintosh maskiner i slutten av 80-talet. Eg har jobba med avansert data analyse sidan 1998, og eg har jobba med medisinsk teknologi og helseteknologi dei siste 20 åra. Teknologi er så utrulig mykje meir enn koding og vi treng både jentar og gutar innan helsevesenet. Tarja siterer gjerne Dr. Bertalan Meskó:

    «AI will not replace medical professionals. However, those medical professionals that use AI will replace those that don’t.»

    Les meir i hennar presentasjon her.


    -

F.v.: Tarja Rajalahti Kvalheim, Marta Laukeland Kleiven og Kjersti Engvik Nygaard - på Dingemoen skule i Fjaler.

F.v.: Marta, Tarja, Kjersti og Anne Mette Hjelle i IT-forum Vest.

Neste
Neste

Innkalling til årsmøte 18.3.2025, Førde