Møte med 140 9.klasse-jenter frå heile Nordfjord! #jenteritech :-)
Teknologi er meir enn du trur! Vi treng fleire jenter inn i teknologi-yrker skal vi finne dei gode løysingane for framtida.
Det var hovudbodskapen vår då IT-forum Vest deltok på Teknologidagen i Operahuset på Nordfjordeid med prosjektet Jenter i tech.
Teknologi er meir enn koding, noko vi gjorde synleg gjennom å ha med tre lokale rollemodellar med ulik inngang til teknologi, ulik bakgrunn og ulike jobbar. Desse var:
Hilde Barmen, prosjektleiar velferdsteknologi i Stad kommune
Ingvild Rutledal, it-konsulent og leiar for teknisk avdeling i LocalHost
Merethe Stave, it-konsulent i Cloudway (og styremedlem i IT-forum Vest)
Her kan du sjå deira presentasjon. Prosjektleiar for Jenter i tech i IT-forum Vest, Anne Mette Hjelle, deltok også - med info, standpakke, klistremerke og T-skjorter i bagasjen. (Desse forsvann raskt! :-) )
Vi deltok saman med GirlTechExplore, ViteMeir Planetarium, Nordfjordkompaniet og spennande tech-bedrifter som Local Host, SFE, Lefdal Mine, Strukturplast og andre. Også nettverket Jenter i elektro Sogn og Fjordane var med. Arrangør var Inviro med samarbeidspartnarar. Takk for at IT-forum Vest fekk delta på denne herlege dagen!
LES MEIR OM PROSJEKTET JENTER I TECH PÅ VÅRE NETTSIDER.
Vil din skule du ha besøk? Kontakt annemette@itforumvest.no
Sjå foto frå Teknologidagen. (Foto: Vedvik Photography)