Første informasjonsmøte om breibandutbygging i 2015
IT-forum Breiband og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterte kommunane i Sogn og Fjordane til eit informasjonsmøte om ny søknadsrunde for breiband.
- Tid: Onsdag 11. februar kl. 12:30 (lunsj frå 11:30)
- Stad: Thon Hotel Jølster (tidlegare Skei hotell)
- Påmelde
Målgruppa for møtet var personar som arbeider med breibandutbygging i kommunar som vurderer å søke om støtte til utbyggingsprosjekt i 2015.
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom), tidlegare Post- og teletilsynet, har invitert fylkeskommunane til eit møte torsdag 5. februar for å orientere om ny utlysing. Nkom har enda ikkje fastsett tidspunkt for årets søknader, men opplyser at dei planlegg utlysninga noko tidlegare enn i fjor. Søknadsfristen var då 6. juni.
Program
- Informasjon om ny breibandutlysing frå Nkom
- Planlegge gjennomføring av årets søknader, dokumentasjon, fristar, mm.
- Utkast til oppdatert breibandstrategi for Sogn og Fjordane 2020
- Mal for kommunale breibandplanar (under arbeid)
- Rettleiar til bygging av «bygdefiber»