Rekordstor deltaking på årsmøtet!
Aldri har det delteke fleire på eit årsmøte i IT-forum Vest enn i går. Alle dei 17 medlemsverksemdene deltok for å markere det første ordinære driftsåret som forening.
- Glad for å bli med!
Årsmøtet valde nytt styre og vi ønskjer velkomen Kristin Fanebust Hetland frå Høgskulen på Vestlandet, Marie Havnen frå Lotteri- og stiftelsestilsynet og Tore Nyhammer i Bergen Fiber.
- Eg har vore “misunneleg” på det de har fått til i Sogn og Fjordane på breiband og er så glad for å vere med og bidra til det same i Hordaland, sa Nyhammer. Olav Skarsbø i Digitaliseringsdirektoratet støtta at det no er viktig å få god oversikt over dei kommunane i Vestland som manglar fiber.
- Vi må sjå etter moglegheiter og synergiar, dele erfaring og kunnskap. Og når vi har bygd dette ferdig, så må vi sjå det i samanheng med veg og sørge for godt mobilnett på riksvegar og fylkesvegar, også i tunnelar og øde område, sa Skarsbø. Han oppfordra også til å sjå samanhengen mellom 5G-nettet og velferdsteknologi. Det siste går ikkje utan eit godt nett.
Rekruttering IT-kompetanse
Kristin Fanebust Hetland i Høgskulen på Vestlandet gledar seg til å samarbeide meir om rekruttering til IT-studie og er glad for at det er framgang på studiet i Førde. - Rekruttering er veldig viktig! Då må vi skape eit miljø både for studentar og tilsette, sa ho og er veldig glad for å ha fått på plass faste lærarressursar og eit godt tilbod til studentar om deltidsjobbar. - Førde har ein fordel no foran Bergen n.d.gj. å skaffe studentar relevante deltidsjobbar, sa Fanebust Hetland, som er glad for å bli med i eit samarbeid om å få fleire inn i teknologistudia, både på fulltid og deltid (samlingsbasert og på nett.)
Rekruttering er eit satsingsområde som fleire understreka behovet for, mellom andre Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet og Reiel Haugland i Sparebanken Sogn og Fjordane. Begge la vekt på at dette krev stor innsats og handlekraft.
- No når vi har fått fibra masse, så må vi bruke det til gode og viktige ting, sa Ole Petter Hatlevoll i Sognenett. Han rosa det gode arbeidet, og tok til ordet for å halde fram med å kople folk, kommunar og fylkeskommunar og sjå ting i samanheng.
Satsingsområde i IT-forum Vest
Utfrå erfaringane frå det første året med ein større Vestlandregion, kva delområde som blir sett på som viktige arbeidsområde vidare og kva som bør bli nye satsingar blir følgjande område satsa på:
Digital infrastruktur/breiband (vidareføring til heile Vestland)
Velferdsteknologi (vidareføring til heile Vestland)
Rekruttering og mangfald (utgangspunkt i oppfølging av IT-utdanninga Campus Førde)
Oppvekst og utdanning (vidareføring når covid-19 er «normalisert)
Næringssatsing (ny satsing)
Det nye styret:
Årsmøtet vedtok både årsmelding, rekneskap og budsjett for 2021. Dei valde også styre, som no ser slik ut:
Christiane Ulriksen, Enivest. Leiar
Frode Kyrkjebø, Kommunenes Sentralforbund, KS - nestleiar
Bjørn Lødemel, Sogn og Fjordane Næringsråd
Kristin Fanebust Hetland, Høgskulen på Vestlandet (erstattar Geir Anton Johansen)
Tore Nyhammer, Bergen Fiber AS
Marie Havnen, Lotteri- og stiftelsestilsynet (erstattar Anne Mette Hjelle)
Nils Erling Yndesdal, Statsforvaltaren i Vestland
Reiel Haugland, Sparebanken Sogn og Fjordane
Paal Fosdal, Vestland fylkeskommune, går ut som styremedlem då Vestland fylkeskommune ønskjer ein observatør i styret slik som i andre partnarskapsavtalar. Fosdal held fram som observatør.
Anne Mette Hjelle, som har slutta i Lotteri- og stiftelsestilsynet for å starte eige selskap, held fram i sekretariatet saman med leiar Ivar Petter Grøtte og Øyvind Heimset Larsen, begge Vestlandsforsking.
Les årsmeldinga for 2020 og les planane for det vidare arbeidet. Her kan du også lese årsrekneskapen.