Oppstart ny helserelatert kunnskaps- og næringsklynge
IT-forum Vest samla i slutten av 2021 gode krefter for å sondere moglegheiter for ei helseteknologiklynge i regionen.
No har Campus Vie-prosjektet levert eit grundig forprosjekt. I alt 21 ulike organisasjonar har signert intensjonsavtale om å samarbeide for å realisere ei framtidig helserelatert kunnskaps- og næringsklynge i Sogn og Fjordane. I dag var det oppstartsmøte!
Gode historier og nyttige erfaringar
Dei som deltok i det opne møtet i lokala til HVL i Førde i dag (og digitalt) var mange lokale helseteknologibedrifter, virkemiddelapparat, kommunar, nærings- og utviklingsselskap innovasjonsmiljø, investormiljø, AOF Vestlandet, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebanken Sogn og Fjordane, Helse Førde, Høgskulen i Vestland, Fagskulen i Vestland, Universitetet i Bergen og fleire.
Klynge-erfaring
Som oppvarming til arbeidsgrupper fekk vi informasjon om Campus Vie-satsinga. Vi fekk også verdifull erfaring frå andre relevante aktørar som Norwegian Smart Care Cluster i Stavanger, Helseforsking Sogn og Fjordane i Førde, Alrek helseklynge i Bergen og Eitri Medical Incubator i Bergen. Desse spelar alle ei rolle i utvikling av næringsliv generelt og helsesektoren spesielt. Vi fekk høyre om meirverdien av samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Retrams AS.
IT-forum Vest om verdien av samarbeid
Vår eigen Ivar Petter Grøtte orienterte om partnarskapen IT-forum Vest (tidlegare Sogn og Fjordane) og gav døme på gode erfaringar med samarbeidsprosjekt på tvers; m.a. breibandssatsing og Titan, forløparen til det vi i dag kjenner som Digitaliseringsdirektoratet. Hans gode råd var:
- Finn spissar og bygg rundt desse. Sørg for at dei som er med, vil noko. Få alle til å samarbeide, legg vekt på lojalitet til kvarandre og viktige målsettingar og sørg for at alle får noko av verdi. Suksessen vår låg i at ingen var den dominerande part. Dette kombinert med finansiering og entusiasme er avgjerande, sa Grøtte.
Grøtte sitt uttrykk “I utlandet er vi Norge. I Oslo er vi ein utkant” skapte latter i salen. Poenget er at det kan vere enklare å starte i Brüssel enn i Oslo mtp finansiering. Då kjem dei andre litt lettare etter, sa Grøtte og mana til tolmod og realisme. - Ikkje gap for høgt og vidt med det same.
Arbeidsgrupper
Alle som deltok i oppstartsmøtet drodla i grupper om organisering, innhald og forventningar til ei helseklyngesatsing for Sogn og Fjordane. Her er nokre stikkord (NB! Ikkje fullstendig referat):
Kva bidrag kan ei slik klynge gje? Korleis kan den vere relevant?
Rekruttering og attraktivitet
Støtte og gode råd - hjelp til idear og søknader - kompetanse og nettverk
Arena for å lære av kvarandre
Vere tett på mtp. fysisk nærleik mellom Helse Førde og HVL - kople helse og ingeniørfag - enklare og raskare for bedrifter å teste ut
Kome tettare på kommune- og spesialisthelsetenesta i utviklingsarbeid
Betre og meir koordinert tilgang til investorar
Kople studentar og næringsliv
Inspirasjon til å bruke teknologien på andre område enn helse (stor overføringsverdi)
Korleis finansiere?
Viktig med oppstartskapital
Prioriter kommunane sine behov for å få dei med i spleiselag
Tilpass aktivitet til satsingar og finansieringsordningar i verkemiddelapparat
Gradert “medlemsavgift”
Spleiselag mellom næringsliv og stiftingar som t.d. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Agenda Vestland (gjerne ein kombinasjon av eigeninnsats og pengar)
Kva kan vi bidra med?
Personressursar - fagpersonell og studentar
Døropnarar
Rausheit og heiing på kvarandre
Erfaringsutveksling med å starte og gründe - inkl. kva vi gjorde feil
Laboratoriemiljø
Stayer-evne og tolmod
Tillit
Kompetanse - både innan regulering, kommersialisering, prosjektering og finansiering
Hurtigarbeidande arbeidsgruppe
Ei strålande fornøgd prosjekteigar for Campus Vie-prosjektet, utviklingsdirektør i Helse Førde Ann Kristin Kleiven, oppsummerte. På vegner av partnarane i Campus Vie-prosjektet lova ho å få på plass ei hurtigarbeidande arbeidsgruppe i løpet av september.
Her kan du lese heile sluttrapporten frå Campus Vie-prosjektet.