Medlemstur, techpub, Expo HVL og Jenter i tech

Teknologikompetanse prega juni. Medlemstur til teknologifestivalen Kongsberg Agenda, techpub og utstilling av bacheloroppgåver ved HVL Campus Førde.

Medlemstur

11 personar frå 9 medlemsverksemder - dei fleste kvinner (!) - deltok på medlemsturen vår til Kongsberg Agenda 19. - 22. juni. Dette er ein teknologifestival med debattar foredrag og konsertar, der tillit var årets agenda - tillit, teknologi og verdiskaping. Alt var gratis, ope og utan billettar. Her er nokre av kommentarane frå deltakarane:

- Kjekt å bli kjent🥰 - kjekke diskusjonar, refelksjonar som gir ny innsikt. Tenker sterkt på at dette fint kan bli ei vane 🤩. (Linda Hovland, Framtidsfylket).

- Heilt supert å kunne diskutere mellom øktene med den fine gjengen i IT-forum Vest om korleis vi jobbar vidare saman med digitalisering i Vestland. (Anne Karin Hamre, Vestlandsforsking).

- Først og fremst kjenner eg på «go-følelsen» etter turen. Dette var ein tur som ga energi og motivasjon til å fortsette samarbeidet i IT-forum Vest og med tema teknologi. (Marianne Skjeldestad Hove, Lotteri- og stiftelsestilsynet).

- Det har vært noen inspirerende dager med mange spennende innlegg om teknologi, KI, endringsledelse med mer. Jeg reiser hjem med både nye perspektiver og inspirasjon i kofferten, og det har vært veldig kjekt å representere Bergen Fiber på Norges Største Teknologifestival! (Jorid Sleire, Bergen Fiber).

- En rød tråd som går igjen i mange av foredragene er nettopp tillit og viktigheten av samarbeid på tvers av selskaper og etater blir i tida framover. Vi lever i ei spennende brytningstid og som teknologer er vi midt oppi dette, som arkitekter, brobyggere og veivisere. Takk for herlige og inspirerende dager! (Merethe Stave, CloudWay).

Techpub

IT-forum Vest var vertskap under karriefestivalen Elevate på Peak Sunnfjord i Førde 5. juni. Techbransjen blei invitert til fagprat, mat og mingling og ca. 70 takka ja. Kjempebra og svært god stemning!

Av fag så starta Joakim Pedersen, seniorrådgjevar i Atea med over fem års erfaring med penetrasjonstesting. Han fortalte kva slik testing går ut på og delte historier om korleis dei etterliknar trusselaktørar.

Linn Hege Bergheim, Chief Customer Officer i Tibber, fortalte om korleis dei skapar gode kundeopplevingar med kunstig intelligens (KI) og kva råd dei gir etter å ha gjort seg verdifulle erfaringar.

Gizem Ates Venås, PhD forskar ved HVL Robotics i Førde, gav oss ei innføring i forskinga si innan menneske-robot-samarbeid og korleis ein kan bruke teknologi for å kjenne att bevegelsane til eit menneske. Vi fekk også ein smakebit frå ei bacheloroppgåve utført av Henrik Vallestad og Ole August Solem, der ein brukar KI for å kjenne att menneskeleg bevegelse.

Expo HVL

Å møte glade, dyktige og stolte avgangsstudentar er alltid kjekt! Særleg interessant er det å få presentert bacheloroppgåver og få delta i jury for å vurdere prosjektpresentasjonane. Under årets Expo på Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin campus i Førde. var både styret i HVL, næringsliv og nokre politikarar til stades.

Under Expo fekk vi sjå prosjekt innan bygg, elkraft, automasjon, robotikk og informasjonsteknologi.

Vi gratulerer dei dyktige studentane og HVL! Her er eit knippe foto frå dagen.

Jenter i tech Vestland

Å få fleire jenter til å velge teknologi er eit satsingsområde også for oss i IT-forum Vest. Vi har fått støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til å gjennomføre ein turne i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn dei neste to åra og er no i gang med planlegginga. I juni var Kathe Arnesen og Anne Mette Hjelle i møte med skulerådgjevarar i Sunnfjord og fekk mange gode tips og råd til gjennomføring. Dei første skulane kan vente seg besøk rett over nyttår.

Vi har også vore i Nordfjord og er via Inviro allereie kobla på ei satsing i Operahuset Nordfjord 5. november saman med fleire andre aktørar. Vi gledar oss!

GOD SOMMAR!



Neste
Neste

No er det enklare å bli medlem av IT-forum Vest