Eigen sesjon for telekom/breiband på IT-konferansen!

På årets IT-forum konferanse i Bergen blir det ein eigen sesjon for telekom/breiband. Spørsmålet er kva no, når det er rundt 100 breibandsleverandørar i Noreg og nettet (nesten) er ferdig utbygd?

Det blir innlegg ved Jørn Hodne i Lyse: Kva har Eviny og Lyse gjort for å konsolidere markedet? Kva moglegheiter ligg framover?

Paneldebatten blir leia av Harald Wium Lie: Kva moglegheiter har vi i Vestland for å bygge robuste breibandselskap for framtida? Kva grep må vi ta for å oppnå dette?

I panelet: Jørn Hodne i Lyse, Helge Vindenes i Nettstar og Tore Nyhammer i Bergen Fiber.

Neste
Neste

Møte med 140 9.klasse-jenter frå heile Nordfjord! #jenteritech :-)