KI og pedagogikk-konferanse i Sogndal – september 2025

9. september 2025 i Sogndal samlar vi fagmiljø, forskarar og lærarar til ein konferanse om kunstig intelligens (KI) og korleis ny teknologi endrar læring og undervisning. Målet er å fylle Sogndal Kulturhus med deltakarar som vil utforske korleis KI kan gi nye moglegheiter i klasserommet.

Harvard-professor Sarah Newman er hovudinnleiar og vil dele innsikt i korleis lærarar kan bruke KI aktivt i undervisninga for å skape meir engasjement og betre læringsutbytte.

Konferansen er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL), IT-forum Vest og eit nasjonalt nettverk for framtidas klasserom (FCL) om pedagogikk og teknologi. Målet er å styrke det tverrfaglege samarbeidet om IKT og undervisning, både internt på HVL og i regionen.

Eit løft for samarbeid og kunnskapsdeling

I september i år vart det arrangert ein workshop på Campus Sogndal, med 50 deltakarar både fysisk og digitalt. Der deltok 30 medlemmer frå eit regionalt nettverk for pedagogikk og IKT i Sogn, fleire fagmiljø ved HVL, Vestlandsforsking og IT-forum Vest. Workshopen la grunnlaget for vidare satsing på samarbeid og kompetanseutvikling innan KI og utdanning.

Under årets workshop innleidde Odin Nøsen, som har erfaring frå Randaberg-skulen, med ei praktisk tilnærming til korleis pratemotorar kan brukast i skulen. Panelsamtalen som følgde, leidd av Kristine Ludvigsen frå Avdeling for utvikling av læring og undervisning ved HVL, sette fokus på:

  • Bruken av KI i skulen

  • Pratemotorar i læringssituasjonar

  • Samarbeid på tvers av aktørar innan kunstig intelligens, skule og utdanning

Panelet inkluderte sentrale fagpersonar som Øyvind H. Larsen (IT-forum Vest), Malin Waage (Vestlandsforsking) og Anne Kristin Rønsen (HVL – Eining for utdanning).

Satsar på ein nasjonal møteplass

Konferansen i 2025 har ambisjonar om å bli ein nasjonal møteplass som:

  • Styrkar rekrutteringa til pedagogiske utdanningar ved HVL

  • Byggjer vidare på IT-forum Vest sine tradisjonar med fagkonferansar på tvers av oppvekst og skuleslag

  • Gjev lærarar og andre ressurspersonar konkret læring og inspirasjon til sin arbeidskvardag

IT-forum Vest bidreg aktivt til planlegginga av arrangementet, i samarbeid med HVL. Konferansen skal også vere ein del av HVL si satsing på profesjonsfagleg pedagogisk utdanning, med fokus på praktiske verktøy som pratemotorar og KI-teknologi.

Hald av datoen og ta del i framtidas klasserom!

Denne konferansen er for alle som er engasjerte i teknologi, utdanning og korleis KI kan forme framtida. Vi ser fram til å samle inspirerande fagpersonar og skape ein arena for kunnskapsdeling og nettverksbygging.

Hald av datoen: 9. september 2025 – Sogndal Kulturhus. Vi vil gje meir informasjon og opne for påmelding her rundt påske. Har du innspel eller idear til konferansen, ta kontakt med Øyvind Heimset Larsen

Foto: Jan Erik Ølmheim

Foto frå paneldebatten på hybridseminaret 10.september 2024 på Campus Sogndal. Frå venstre: Kristine Ludvigsen, Malin Waage, Øyvind Heimset Larsen og Anne Kristin Rønsen

Neste
Neste

Eigen sesjon for telekom/breiband på IT-konferansen!