IT-konferanse med perspektiv og “nøklar”
Takk til dei 110 personane som deltok på årets IT-forum Vest konferanse på Vestlandshuset i Bergen 28. og 29. november. Tema var korleis vi kan ta grep om ein teknologi som “viser tenner” og samstundes ta ut potensialet. Dette blei ein konferanse med både perspektiv og “nøklar” til framtida teknologiløysingar!
Teknologi og digitaliering spelar ei avgjerande rolle i berekraftig omstilling og framtidsretta vekst. Vi fekk innsikt i alt frå ny statleg digitaliseringsstrategi, effektiv ressursbruk og kunstig intelligens (KI) til korleis styrke digital kompetanse og møte personvernutfordingar i ein stadig meir digital kvardag.
Her er fire hovudpunkt vi kunne ta med oss heim:
Berekraft og digitalisering: Teknologi og KI er avgjerande for grøn omstilling og inkluderande løysingar for offentleg og privat sektor.
Personvern og sikkerheit: Norge er høgt digitalisert, men både verksemder og myndigheiter må jobbe for å styrke datasikkerheita og møte nye truslar.
Digital kompetanse og inkludering: Vi må legge større vekt på digital opplæring, lukke kompetansegapet og sikre at teknologien blir tilgjengeleg for alle - og for å ta i bruk ny teknologi på ein trygg måte.
Innovasjon og teknologi: Nye løysingar må ta høgde for både effektivitet og menneskeleg nærver.
Desse presentasjonane er tilgjengelege i pdf (klikk på namn på foredragshaldar):
Gunn Karin Gjul, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet - DFDs ambisjoner for digitalisering og bruk av ny teknologi
Sidsel Nordhagen, KS Digital - Nye grep i digitaliseringsarbeidet i kommunene
Christian Tangene, DFØ (Direktoratet for forvaltning og økonomistyring) - Om skjerping av klima- og miljøkrav til skytjenester og IT-utstyr.
Helene Henriksen, Atea - Hvordan bli best på bærekraft?
Sofie Strøm Olsen, NITO-studentene - Hvordan ruste morgendagens ingeniører og teknologer til nye krav?
Åsne Holtklimpen, Crayon - Hvordan en kongstanke ble til virkelighet
Ane Fisknes Storås, Vestland fylkeskommune - Pilot Copilot for 365-er vi klare?
Eirik Norman Hansen, konferansier (smakebitar og oppsummering)
Reiel Haugland, Sparebank 1 Sogn og Fjordane - EINEståande. Om overgangen frå å vere Sparebanken Sogn og Fjordane til Sparebank 1 Sogn og Fjordane
Ståle Hansen, CloudWay - Digital Wellbeing, Working smart in Microsoft 365
Du kan også sjå video frå konferansen og foto (under). Alle foto og video: Vedvik Photography.




















































































































































































































