IT-forum julemøte

IKT-fylket Sogn og Fjordane: Kva skjer og kva skal vere den digitale agenda for SFj mot 2020?

16.–17. desember på Skei hotell

I ei årrekkje har det vore arrangert IT-forumkonferanse i Sogn og Fjordane. I 2015 gjorde me litt om på forma og slo deler av arrangementet saman med Næringsdagane, arrangert i mai i Førde. Etter dette har me fått ei rekkje innspel der mange saknar møteplassen og den faglege oppdateringa som IT-forumkonferansen gav. Me i IT-forum S&Fj vil no invitere til ei førjulssamling med både fagleg oppdatering og møteplass.

Her ønskjer IT-forum å få tilbakemelding om kva bedrifter og andre organisasjonar i vår region er opptekne av, og kva desse meiner IT-forum kan gjere for dei. Og so skal me prøve å kople dette til både eksisterande og nye aktivitetar. Me har invitert bedrifter og ulike organisasjonar til å utfordre IT-forum. Desse skal delvis gje ein kort presentasjon av kva dei arbeider med, kva som er viktige satsingar framover og korleis IT-forum kan bidra.

Me inviterer difor til eit førjulsmøte på Skei hotell frå lunsj onsdag 16. til lunsj torsdag 17. desember. IT-forum står for julemiddag og lunsjar. Deltakarane må dekke overnatting og reisekostnad sjølve.

Presentasjonane vi har samla inn finn du innbakt i programmet under. Klikk på "presentasjonen" 

Deltakarliste

Agenda

Onsdag 16.12

1200: Lunsj

1300: Velkomen og introduksjon til møtet

Gunnar O. Hæreid, leiar i IT-forum og assisterande fylkesmann - PRESENTASJONEN

1310: IT-forum har fått nytt prosjekt for utvikling av IT-utdanning - Sjå presentasjonen over

Resultat frå forprosjektet, og kva skal no hovudsatsinga gjere?
Gunnar O. Hæreid, leiar i IT-forum

1320: Kva gjer Beat? Og kva kan IT-forum bidra med?

Njål Hansen Wilberg, gründer av Beat 

1330: Kva gjer DIFI? Og kva kan IT-forum bidra med?

Torgeir Strypet, avdelingsdirektør i Difi

1400: Millionar til breiband og ny breibandstrategi for fylket

Sogn og Fjordane har fått 58 mill kr i statlege breibandmidlar dei siste to åra gjennom gode samarbeid i heile fylket. No skal me lage ny og oppdatert breibandstrategi for fylket.
Olav Skarsbø, SFj fylkeskommune og Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking - PRESENTASJONEN

1410: Kva gjer Enivest? Og kva kan IT-forum bidra med?

Nandor Helgheim, dagleg leiar i Enivest - PRESENTASJONEN

1425: Kva gjer Sognenett? Og kva kan IT-forum bidra med?

John Geir Sperle, Sognenett - PRESENTASJONEN

1440: Kaffi og mingling

1510: Velferdsteknologi tek av i heile fylket

Velferdsteknologi i 26 kommunar i Sogn og Fjordane, kva skjer?
Ivar Petter Grøtte, IT-forum/Vestlandsforsking - PRESENTASJONEN

1520: Kva gjer Intin? Og kva kan IT-forum bidra med?

Geir Henning Nore, Intin  - PRESENTASJONEN

1535: Kva gjer Telenor? Og kva kan IT-forum bidra med?

Norodd Stubbhaug, Telenor -PRESENTASJONEN

1545: Kva gjer Atea? Og kva kan IT-forum bidra med?

Ole Kristian Fagerås, Atea - PRESENTASJONEN

1550: Digitalisering i offentleg sektor

It-forum orienterer om kvar me står og moglege vegar vidare

Gunnar O. Hæreid, leiar i IT-forum

1600: Kva gjer Lotteri- og stiftelsestilsynet? Og kva kan IT-forum bidra med?

Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet -  PRESENTASJONEN

1630: Avslutning og mingling

1900: Julemiddag

Torsdag 17.12

0900: Leverandørnettverk – korleis engasjere bedrifter?

IT-forum orienterer om kvar vi står og mogleg veg vidare - PRESENTASJONEN

0910: Kva gjer Serit/Fjordane IT? Og kva kan IT-forum bidra med?

Dagmunn Fauske, dagleg leiar i Serit/Fjordane IT

0925: Kva gjer BlueFjords? Og kva kan IT-forum bidra med?

Runar Oseberg Grøtting, sals- og marknadssjef i BlueFjords

0940: IT-forum drift og utvikling og IT-forum utdanning og oppvekst

Kva skjer i guppene og kva kan vera vegen vidare? 
Petter Stenstadvold, Fylkeskommunen og Øyvind Heimset Larsen, IT-forum - PRESENTASJONEN

1000: Open post – kva er viktigast for å fremja IT-næringa i Sogn og Fjordane vidare? 

Oppsummering av dag 1
Innspel frå deltakarane
Plenumsdrøfting                - Presentasjon: Oppsummeringa er lysbilete nr 24 på første innlegg frå Hæreid over

1040: IT-forum oppsummerer, evaluerer og skisserer vegen vidare

1130: Lunsj

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Breiband

Neste
Neste

IT-forum får støtte til næringsretta IT-utdanning i Sogn og Fjordane