No er det enklare å bli medlem av IT-forum Vest
Årsmøtet 19. mars 2023 vedtok å differensiere medlemskontingenten for å gjere det enklare for dei minste og nystarta verksemdene å bli med i IT-forum Vest.
Styret vedtok nyleg endringane frå og med året 2024.
Kontingenten har no to nivå:
NOK 5 000,- per år for verksemder med fem tilsette eller mindre og under NOK 5 mill i årleg omsetnad.
NOK 20 000,- per år i kontingent for verksemder med meir enn fem tilsette eller meir enn NOK fem mill i årleg omsetnad.
Dotterselskap av eksisterande medlemmer i IT-forum Vest får 50 % rabatt.
Gründerbedrifter stifta innan dei tre siste åra får 1-års gratis medlemsskap.
Vi ønskjer alltid nye og motiverte medlemmer i Vestland velkomne og håpar dette vil gjere medlemskapen meir tilgjengeleg.
Dette får du som medlem:
Tilgang til nyttig og verdifullt nettverk både i offentleg og privat sektor, FoU og akademia i Vestland og nasjonalt
Strategisk og praktisk sparringhjelp frå administrasjonen/styret til å løyse problem og nå eigne mål, t.d søknadsskriving og hjelp til å opne dører.
Tilgang til ein arena og kanal for partnarskap og samfunnsansvar mtp berekraft
Høve til å påverke politiske og administrative prosessar i våre høyringsuttaler
Høve til å påverke tema og innhald på våre arrangement
Deltaking i felles merkevare
Om du ønskjer å melde deg inn som medlem IT-Forum Vest, fyll ut vårt innmeldingsskjema eller ta kontakt med administrasjonen ved Øyvind Heimset Larsen på e-post: ohl@vestforsk.no.
Styremøtet der dei nye satsane for medlemsskap blei vedteke.