Tilbake til alle arrangementer

Hybridseminar om KI og pedagogikk

  • IT-Forum Vest Sogndal Norway (kart)

Kunstig intelligens i skule og oppvekst er eit aktuelt tema. I dette korte seminaret har HVL henta inn Odin Nøsen til å inspirere oss. Mellom anna fordi han har laga ein nettstad med kunstig intelligens for elevar og lærarar i Randaberg.

IT-forum Vest er medarrangør på grunn av godt tema, kompetanse, samt vårt ønskje om å støtte initiativ som føl opp vår tidlegare tradisjonsrike fagkonferanse for it på tvers av oppvekst og skuleslag i regionen.

Mål for dagen: Fokus på kunstig intelligens i pedagogisk arbeid i skule og utdanning.

Ambisjonen er at partnarskapen ønskjer å bygge eit miljø for kompetanse og samarbeid på KI i pedagogikk på tvers av oppvekst og skuleslag til beste for regionen.

Kva ynskjer me å få til denne dagen:

• Lærarar og forskarar får eit innblikk i korleis ein pratemotor fungerer og korleis denne kan nyttast i ein studiesituasjon.

• Samarbeid på tvers mellom aktørar innan kunstig intelligens, skule og utdanning

Seminaret er ope for alle interesserte. Det er gratis og utan krav om påmelding. Du kan delta på Zoom eller møte opp i Guristova (2.etasje) ved campus Sogndal.

PROGRAM

Kl 10.15 – 10.20 Velkomen ved Eivind Rogne og Jan Erik Ølmheim, HVL

Kl 10.20 - 10.50 Pratemotor i PfDK-studiet v/ Odin Nøsen

Kl 10.50 – 11.00 Pause

Kl 11.00 – 11.15

Panelsamtale om bruk av KI i skulen, pratemotorar, forsking frå skule og utdanning saman med IT- forum Vest – Øyvind H. Larsen, Vestlandsforsking – Malin Waage og avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU)- Kristine Ludvigsen.

Praktisk møteinformasjon:

https://hvl.zoom.us/j/66748587146?pwd=XVTdrCkPnCFQMCJOZMaRSL0nfF7skN.1

Meeting ID: 667 4858 7146 Passcode: 742572

Forrige
Forrige
28. november

IT-forum konferansen 2023, Bergen

Neste
Neste
28. november

IT-forum konferansen 2024, Bergen