Sunnfjord Utvikling AS er nytt medlem

Vi løftar i lag! Frå venstre: Styreleiar i IT-Forum Vest, Christiane Ulriksen, konstituert dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling AS, Bente Hauge, og prosjektstøtte i IT-Forum Vest, Anne Mette Hjelle.

Vi løftar i lag! Frå venstre: Styreleiar i IT-Forum Vest, Christiane Ulriksen, konstituert dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling AS, Bente Hauge, og prosjektstøtte i IT-Forum Vest, Anne Mette Hjelle.

Då har vi gleda av å ønske velkomen Sunnfjord Utvikling som nytt medlem i IT-Forum Vest! Næringsutviklingsselskapet, med base i næringsklynga Peak Sunnfjord i Førde, blir ein viktig og god ressurs inn i satsinga rekruttering og mangfald i teknologisk arbeidskraft i regionen.

IT-kompetanse

Bakgrunnen for samarbeidet er at behovet for teknologisk arbeidskraft, og ei betre rekruttering frå alle potensielle arbeidsgrupper, er stort i regionen. Rekruttering og mangfald-satsinga er difor høgt prioritert og eit av IT-Forum Vests viktigaste innsatsområde i åra framover.

IT-utdanning

Vårt engasjement i dette starta med etableringa av IT-utdanninga på Campus Førde for tre år sidan. Der var vi avgjerande i mobiliseringa for oppstart og første fase av den nye IT-utdanninga. No er utfordringa å gjere dei tekniske studieretningane ved Høgskulen på Vestlandet i Førde endå meir attraktive for å sikre rekruttering av både studentar og lærekrefter. Det er særs viktig å sikre at denne satsinga blir vellukka og at det blir utvikla i godt samarbeid med næringsliv og regionen elles.

Full effekt gjennom samarbeid

Innsatsen for rekruttering blir gjort saman med andre gode krefter, m.a. Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet og Framtidsfylket. Sunnfjord Utvikling er ein ny og viktig samarbeidspart inn i dette med sine prosjekt; Rekrutteringsforum og Studentjobb.

Her slår vi altså gode krefter saman for full effekt! Planen er å etablere ei arbeidsgruppe som koordinerer, samarbeider og supplerer kvarandre om kunnskap, nettverk og tiltak. Første møte blir rett etter sommarferien.

Forrige
Forrige

Bli med på digitalt frukostmøte: Slik "boostar" vi Vestland!

Neste
Neste

Samarbeidsavtale med Vestland fylkeskommune er signert