Samarbeidsavtale med Vestland fylkeskommune er signert

Christiane_portrait_IT Forum2 (1).jpg
48913218071_c79b2fd035_c.jpg
 

Då er samarbeidsavtalen mellom Vestland fylkeskommune og IT-Forum Vest for 2021 og 2022 formalisert.

Avtalen, signert av Bård Sandal, fylkesdirektør innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylkeskommune, og vår styreleiar, Christiane Ulriksen, legg til rette for å styrke arbeidet med

  • digital infrastruktur

  • digitalisering og næringsmoglegheiter knytt til digitatalisering

  • rekruttering til teknologifag

Avtalen skal medverke til å realisere mål og strategiar for innovasjon og næringsutvikling i Vestland, slik dette er formulert i ei rekke styringsdokument i Vestland fylke. Utviklingsplan for Vestland 2020 - 2024 er blant desse.

Samarbeidsavtalen forpliktar IT-Forum Vest til å bidra med arbeid og oppgåver knytt til både strategi og innsatsområda nevnt ovanfor. Fylkeskommunen forpliktar seg på si side til å yte eit årleg økonomisk bidrag på ein million kroner til IT-Forum Vest.

Det er knytt vilkår til avtalen, som skal bidra til kvalitet, forutsigbarheit og kontroll. Les heile avtalen under. (NB. Avtalen er signert elektronisk av vår styreleiar, Christiane Ulriksen.)


Samarbeidsavtale 1.PNG
Samarbeidsavtale del 2.PNG


Forrige
Forrige

Sunnfjord Utvikling AS er nytt medlem

Neste
Neste

Felles interesser for helse og ekom