Ny dato: Årsmøte IT-forum Sogn og Fjordane 12.april i Førde
Grunna sjukdom må årsmøte IT-forum har kalla representantskap og styre inn til i mars på Sunnfjord hotell i Førde utsetjast til 12. april kl. 10–15
Sekretariatet har på grunn av dette ikkje fått ferdig og sendt ut saksdokumenta til torsdag 28.mars. Vi beklagar dette sterkt. Folk har satt av datoen, gjort endringar på sin kalender og det er trasig. Styret har avgjort at fredag 12.april er ny dato.
Sakspapir:
Rekneskap med budsjett for 2018
Møteplan
10:00 Velkommen v / leiar IT-Forum Anne Mette Hjelle
Del 1: Kort om satsingar og konferansar i 2018/2019
10:10 Status for arbeidsgruppe breiband og velferdsteknologi v/ Ivar Petter Grøtte
10:20 Status for arbeidsgruppe Opplæring og utdanning og for Næringsdagane 2019
10:30 IT-studiet - status og behov for samarbeid for vidare oppbygging og rekruttering
Del 2: Strategi og organisering av IT-forum i nye Vestland fylke
10:40 Prosessen, kartlegging, gjennomgang av gruppene og strategiframlegg frå styret v/ Anne Mette Hjelle og Ivar Petter Grøtte
11:10 Drøfting og vedtak om organisering, grupper, aktivitetar, geografisk dekning mm
12:00 Lunsj
12:30 Del 3: Årsmøtesaker og val for 2019
Årsmelding og rekneskap med revisjon 2018
Budsjett 2019
Val: Styre, leiar, valnemnd, revisor
14:00 slutt.