Nytt styre - fersk årsmelding!

Årsmøtet er gjennomført med val av nytt styre. Det nye styret tek over etter eit aktivt år for IT-forum Vest. Årsmeldinga for 2024 viser korleis forumet har arbeidd målretta for å styrkje IT-kompetansen og det digitale samarbeidet i regionen.

Eit spennande år!

Blant høgdepunkta i 2024 var:

  • Vi arrangerte medlemsturen til Kongsberg Agenda, ein teknologifestival for einkvar smak.

  • Vi starta opp prosjektet "Jenter-i-tech", der vi deltok på Teknologidagen med tre lokale rollemodellar i møte med 140 9.klasse-jenter frå heile regionen. Dette viser kor viktig det er å skape arenaer der unge kan få innsikt i og interesse for teknologi. Dette arbeidet held fram også i 2025.

  • IT-forum har også hatt eit forprosjekt for å førebu ei satsing på digital inkludering, finansiert av Vestland fylkeskommune.

  • Ein annan sterk arena var vår årlege IT-forum konferanse, også i år i Bergen. Tema var “Når teknologien viser tenner - ta styring og utnytt potensialet”. Statssekretær, Gunn Karin Gjul i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet innleia om DFDs ferske strategi for digitalisering og bruk av ny teknologi. Der hadde vi også eigne paralellsesjonar, m.a. for telekom og breiband, som samla mange engasjerte deltakarar og skapte gode diskusjonar om framtida for digital infrastruktur.

  • Vi har vore med å starte opp ei ny helserelatert kunnskaps- og næringsklynge i gamle Sogn og Fjordane, som skal bidra til å styrke samarbeidet mellom teknologi og helse i regionen. Dette er eit spennande initiativ som vi trur vil ha stor betydning for framtida.

  • Vi var jury for avgangselevar i Expo ved HVL, arrangør av tech-pub under karriereveka Elevate i Førde og medarrangør av bruk av KI i skulen i Sogndal.

Aktivitetane våre viser at IT-forum Vest har særleg kunnskap og kompetanse i å utvikle samarbeid på tvers av interessegrupper med mål om å mobilisere og utvikle gode felles aktivitetar. Vi er glade for at gamle og nye medlemmer ser dette og tek del i denne viktige partnarskapen!

Les heile årsmeldinga

Vi inviterer alle medlemmar og interesserte til å lese den fullstendige årsmeldinga for 2024. Her finn du detaljert informasjon om:

  • Kven vi er og kva vi står for

  • Aktivitetar og arrangement gjennom året

  • Måloppnåing og resultat

  • Økonomisk oversikt

  • Framtidsplanar for 2025

Last ned årsmeldinga her.

Vil du vite meir? Ta gjerne kontakt med administrasjonen (sjå kontaktinfo neders på nettsida) eller den nye styreleiararen, Frode Schanke - frode.schanke@helse-forde.no - tlf.nr. 93 42 80 01 - om du har spørsmål om arbeidet vårt eller ønskjer å engasjere deg i IT-forum Vest.

Det nye styret f.v.: Per Christian Engdal (HVL), Merethe Stave (CloudWay), Falk Michael Tewes (Lotteri- og stiftelsestilsynet), Ola Alsterholm (Statsforvaltaren i Vestland), Frode Schanke (Helse Førde), Karen Solheim Leiknes (Bergen Fiber) og Christiane Ulriksen (UBSC). Jenny Følling (Sunnfjord kommune/KS) og (Jørn Stenehjem (Digdir) var ikkje til stades.

Ny styreleiar er Frode Schanke, IT-sjef i Helse Førde. Ny nestleiar er Karen Solheim Leiknes, direktør Kunde Marked i Bergen Fiber.

Statsforvalten i Vestland er mangeårig medlem av IT-forum Vest. Liv Signe Navarsete innleia årsmøtesamlinga om digital samfunnssikkerheit og beredsskap. - Verksemder i Noreg må ta høgde for ulike scenario, også dei som for få år sidan var utenkelege, sa ho. Vi må sikre verdiane og redusere sårbarheitene våre betre. Vi må sette i verk konkrete tiltak som reduserer risikoen, og vi må ha gode reserveløysingar og god reparasjonsberedskap.

Tore Nyhammer i Bergen Fiber gjekk ut av styret og Christiane Ulriksen gjekk av som styreleiar, men held fram i styret. Både dei og Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Næringsråd (tidl. styremedlem) fekk stor takk for svært god innsats for partnarskapen!

Årsmøtet samla representantar frå medlemsbedriftene i IT-forum Vest på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde 18. mars 2025 både fysisk og digitalt.

Forrige
Forrige

Bli med på studietur til København!

Neste
Neste

I Fjaler: - Teknologi er så utrulig mykje meir enn koding!