Over 200 påmelde til IT-forum OU IKT-samling 22.–23. nov!

22.–23. november går den årlege IKT-samlinga til IT-forum oppvekst og utdanning av stabelen på Hotel Alexandra i Loen. Her er oversikt over påmelde. Leverandørar som ynskjer stand må ta kontakt med sekretariatet på itforum@vestforsk.no

Påmelding

Påmelding er no stengt. Ta kontakt med itforum@vestforsk.no om du har spørsmål.

Programmet

programmet (som no i etterkant er oppdatert med presentasjonar, oppgåver og tilleggsinformasjon ! ) stod:

  • Konturarar av framtidas skule og barnehage - Lars Persen, Education Fast Forward / Scandec. Målgruppe: pedagogar (P)

  • IKT og språkutvikling Åsne Midtbø Aas frå Dysleksi Norge (P)

  • Trondheimskulen – work in progress? Siw Olsen Fjørtoft, Trondheim kommune (P)

  • Koding – Korleis gjere koding i skulen enkelt? Erfaringar med koding som valfag, Ove Olsen, LKK i Høyanger og Vibeke Guttormsgaard, IKT-senteret (P)

  • Teknologimeistring på Protolaben, Frode Steen, Reodorklubben

  • iPad – Kreativ elevaktivitet i grunnskulen på iPad i Vik, Jarle Christensen/lærar (P)

  • Workshop – ClassNotebook, O365 + programmering, Atea + Moldøen (P)

  • Digital arena barnehage, Vibeke Guttormsgaard, IKT-Senteret (P)

  • KS-Ung, Siri Hansen, KS. Målgruppe: Alle (A)

  • Digitale kompetanse og pedagogisk IKT-bruk, Erik Westrum - IKT-Senteret. Målgruppe: leiarar (L)

  • KS – Digitaliseringsstrategi i oppvekstområdet, Ellen-Karin Toft Larsen, KS (L)

  • Allsidig pedagogisk og kreativ bruk av digitale verktøy + Erfaringar frå ein digitalt kompetent barnehage, Trine Danielsen Selfors, Kirketunet barnehage

vidsyn

Formål

Formålet med samlinga er å dele erfaring og kompetanse mellom regionane i fylket. Tema for samlinga er pedagogisk og administrativ bruk av IKT i oppvekst samt oppfølging av nasjonale satsingsområde innan IKT. I 2014, 2015 og 2016 deltok over 100 ikt-kontaktar, pedagogar og leiarar, og tilbakemeldingane var særs gode. IT-Forum Oppvekst og Utdanning består av representantar frå Regionråda, Fylkesmannen, Fylkeskommunen, Høgskulen og Vestlandsforsking. Samlinga er arrangert av oss i samarbeid med KS og kommunane i Sogn og Fjordane.

Forrige
Forrige

Over 50 påmelde til IT-forum si julesamling i Sogndal

Neste
Neste

Seminar om næringsutvikling med Bitcoin og kryptovaluta 12. des