Framtidsfylket er nytt medlem
Då er også Framtidsfylket blitt medlem av IT-Forum Vest!
- Det er vi veldig glade for. Det betyr mykje for fellesskapet og spesielt for satsingsområdet Rekruttering og mangfold. Det er ein stor fordel å få ein så engasjert pådrivar som Linda Hovland med på laget, seier styreleiar Christiane Ulriksen.
Rekruttering og mangfald
Framtidsfylket, med Linda Hovland i spissen, er ein naturleg del av partnarskapen for utvikling og vekst i Vestland. Selskapet blir også ein del av satsingsområdet Rekruttering og mangfald av teknologisk arbeidskraft i regionen. Der vil Hovland delta i ei dedikert arbeidsgruppe saman med representantar frå Høgskulen på Vestlandet, Sunnfjord Utvikling, Vestlandsforsking, Sparebanken Sogn og Fjordane og IT-Forum Vest. Første møte er rett over sommarferien.
Felles innsats for tech-kompetanse
Gruppa, leia av Anne Mette Hjelle i IT-Forum Vest, skal bidra med arbeidsinnsats og profilering i eit spleiselag. I tillegg:
Vidareføre arbeid for rekruttering av jenter, kvinner og innvandrarar for å gje eit større mangfald av studentar, lærarar og rettleiarar i IT-studiet.
Nytte resultat frå prosjekta Kvinneløftet - FixIT og Teknoløft SFj og for å gjennomføre informasjons- og motivasjonsopplegg for breiare rekruttering.
Kople bidrag frå næring og forvaltning i regionen inn i studentjobbar, gjesteforelesingar og studentoppgåver for å gjere utdanninga så relevant som mogleg og skape best mogleg studentmiljø.
Framtidsfylket - ein viktig samfunnsaktør
Framtidsfylket er ein viktig samfunnsaktør i regionen med at dei jobbar for å rekruttere og behalde kompetanse og arbeidskraft i Vestland. Selskapet driv merkevarebygging på jobb- og bumoglegheiter og tilbyr tenester for både dei som skal rekruttere og dei som vurderer å søke jobb her. Framtidsfylket formidlar også traineestillingar til dei som er i overgang frå studieliv til arbeidsliv. Selskapet kan vise til svært gode resultat!