11 kommunar får 37 mill til breiband

IMG_8825.jpg

12 prosjekt i 11 kommunar i Vestland får no 37 millionar kroner til breibandutbygging av Vestland fylkeskommune.

- Vi er glade for at den store breiband-utbygginga held fram. No må vi jobbe godt med å sikre full dekning i Vestland, seier vår mann i i samarbeidet, Ivar Petter Grøtte.

Dei 11 kommunane som no får midlar er:

  • Kinn

  • Ulvik

  • Hyllestad

  • Høyanger

  • Stad

  • Alver

  • Vaksdal

  • Fjaler

  • Voss

  • Bjørnafjorden

  • Gulen

Pengane skal delfinansiere utbygging i område der utbygging ikkje er kommersielt lønsamt, og gje hustandar og verksemder som i dag har under 30 Mbit/s breiband betre dekning. Fordelinga av midlar skjer på bakgrunn av vedtak i hovudutval for næring i fylkeskommunen. Pengane kjem frå øyremerka midlar frå staten som fylkeskommunen deler ut.

No skal Fylkeskommunen koordinere anbodsprosessen for dei aktuelle kommunane, før det blir inngått utbyggingskontraktar mellom den enkelte kommune og breibandsleverandøren som vinn anbodet.

IT-Forum Vest er sentral samarbeidspart

IT-Forum Vest ein sentral samarbeidspart for Vestland fylkeskommune i breiband-spørsmål. Ivar Petter Grøtte i administrasjonen i IT-Forum Vest bistår med innspel til prosess, kriteria, prioritering og signal inn til sentrale styresmakter.

- Tidlegare skreiv vi også søknader på vegner av kommunane. Det må dei no gjere sjølv, men vi har ressursmateriale som malar til utfylling og gode døme på både søknader og prosjekt. Vi bistår også med markeringer når prosjekta er ferdige, men det kan vi bli betre på å løfte fram framover, seier Grøtte.

Vi treng full breibanddekning

Ivar Petter Grøtte er tydeleg glad for den store breibandutbygginga som skjer.

- Breibandutbygging er ei viktig satsing for å sikre god digital infrastruktur i heile Vestland. No er det viktig å få oversikt over kva område som står att. Dei kommunane som ikkje er ferdige må lage ein god og realistisk plan, slik at vi kan få full breibanddekking i Vestland. Så tek vi tak i det neste som mobil og andre ting, seier han.

Grøtte og IT-Forum Vest bistår no fylkeskommunen i det viktige arbeidet med å lage ein temaplan for breiband og digitalisering, ein plan som løfter fram gigabit-samfunnet og viktige bruksområde. Dette er det neste viktige steget i breibandutbygging.

Les meir om kommunane som får midlar til breibandutbygging.

Forrige
Forrige

Framtidsfylket er nytt medlem

Neste
Neste

Sjå opptak av frukostmøtet "Store draumar og godt nett"