Attval på styreleiar Anne Mette Hjelle og ny organisering av IT-forum
Årsmøtet i IT-forum Sogn og Fjordane er avvikla. Retningen er satt og tilbakemeldingane er tydelege: vi treng å halde fram samarbeidet og vi opnar opp for partnarskap og nettverk sørover.
Oppdraget er å sikre at lokale og regionale miljø er i fremste rekke i å nytte IT i næringsliv, offentleg sektor, opplæring og utdanning. IT-forum skal initiere, samordne og sikre felles utviklingsaktivitetar til nytte for heile regionen.
Det nye styret Hjelle leiar skal legge tilrette for namneskifte til IT-forum Vest og endring av organisasjonsform til foreining med dei nødvendige avklaringane og stiftingsdokumumenta før skipingsmøte under representantskapsmøtet til hausten. Årsmøtet vedtok samtstemmig valnemnda sitt framlegg til nytt styre:
Leiar, vert vald for eit år, 2019 – 2020:
Anne Mette Hjelle (2018 – 2020, leiar 2019 - 2020)
Styremedlemer:
Nils Erling Yndesdal, Fylkesmannen 2018 – 2020 (ikkje på val)
Reiel Haugland, Sparebanken SF 2018 – 2020 (ikkje på val)
Frode Kyrkjebø, KS, 2018 – 2020 (ikkje på val)
Rose Christiane Ulriksen, Enivest, 2019-2021
Paal Fosdal, Sogn og Fjordane fylkeskommune, 2019 – 2021
Bjørn Lødemel, Sogn og Fjordane Næringsråd 2019 – 2021
Geir Anton Johansen, Høgskulen på Vestlandet, 2019 – 2021
Valnemnd:
Terje Heggheim, 2018 - 2020
Merete Lunde, 2019 - 2021
Vi takkar Jørgen Tistel for eit vel gjennomført år som styremedlem i 2018. Ny representant for Fylkesmannen i styret i 2019 er Nils Jørgen Yndesdal.
Ny organisering les du meir om i strategidokumentet du finn i saka om årsmøtet.
Årsmøtet drøfta og viktige aktueltsaker nettverket må ta tak i som ny fordelingsnøkkel for nasjonale breibandmidlar i 2019 og ikkje minst om Telenor si sanering av koparnettet (IT-forum hadde dialogmøte med Telenor 20.februar. ). Dette vert følgt opp.