Ja, vi blir med i Team Vestland!
Vi støttar heilhjarta opp om Team Vestland-satsinga. Den legg vekt på samarbeid og deling av kunnskap, ressursar og erfaringar for å lukkast med grøn region. Samarbeid har vore oppskrifta til IT Forum sidan det blei etablert i 1995.
Det seier styreleiar for IT Forum Vest, Christiane Ulriksen, som svar på oppfordringa frå leiinga i Vestland fylkeskommune under nyttårsmøtet denne veka.
Der lanserte fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar, Natalia Golis Team Vestland for å mobilisere til samarbeid om grøn vekst og nye grøne arbeidsplassar i fylket.
Vi er med! Dette er heilt naturleg for oss og vi skal vere ein god lagspelar og bidra inn for å finne dei gode løysingane, slik vi har gjort før. Les vår historie.
Ny strategi
I desse dagar utformar styret i IT Forum Vest ny strategi for dei komande åra. Her kjem vi til å ta inn satsingane til fylkeskommunen. Så skal vi halde fram og bli meir spissa på satsingar de kjenner godt frå før og med merksemd på heile Vestland:
Vi skal bidra inn i arbeidet med ny strategi for breiband i alle kommunar, eit arbeid som startar no.
Vi skal bidra til at regionen har rett kompetanse for framtida gjennom arbeidet vårt i nettverket for Rekruttering og Mangfald.
Vi skal bidra til at regionen nyttar seg av IKT i helse, oppvekst og utdanning.
Detaljane rundt dette skal vi kome tilbake til.
Har du innspel og idear, ta kontakt med administrasjonen (sjå kontaktinfo under). Engasjement set vi stor pris på!