Ny strategi: Brukarnytte, samarbeid og mobilisering
Styret i IT-Forum Vest var i siste halvår 2021 og første del av 2022 gjennom ein grundig strategiprosess. Bakgrunnen var dei store endringane som påverkar organisasjonen i stor grad og som krev merksemd og tiltak. Blant desse er:
Vestland fylkeskommune, vår viktigaste finansieringskjelde, har sett retning og rammer for samfunnsutviklinga i Vestland. Dette påverkar mykje av det vi gjer i dag og framover.
Korona-pandemien ramma samfunnet vårt i mars 2020 og påverkar framleis samfunnet både globalt, nasjonalt og lokalt. Den har også fått direkte følgjer for aktiviteten i IT Forum Vest.
Vi har hausta viktige erfaringar med fleire år i ein større region (Vestland).
Vi har hausta viktige erfaringar med ein større variasjon av kompetanse i administrasjonen.
Vi har nye styremedlemmer og nye medlemmer.
Tilbakemeldingar
Tilbakemeldingane vi fekk både frå medlemmer og andre interessentar i prosessen uttrykte i stor grad at IT-Forum Vest er relevant og og eit viktig verktøy for samarbeid i regionen, i møte med store og komplekse oppgåver som skal løysast på vegner av fellesskapet.
Fleire utfordra oss på å vere meir synlege, meir spissa og bidra til ei berekraftig utvikling av regionen. Blant medlemmene viste ei enkel undersøking at 9 av 10 var fornøgd eller svært fornøgd med arbeidet ITF gjer opp mot samfunnsoppdraget. Breiband, nettverksbygging og rekruttering/mangfald blir i størst grad vurdert til å vere Svært viktig.
Ny strategi
Som eit resultat av prosessen, vedtok styret ny strategi. Les den komplette, men lengre versjonen, eller kortversjonen. Den skal adressere trendar og drivkrefter og analysen av styrker, svakheiter, truslar og moglegheiter.
Den blei presentert for årsmøtet i april der den fekk støtte, men med nokre justeringar.
Vårt samfunnsoppdrag: IT Forum Vest bidrar til berekraftig vekst i Vestland gjennom eit breitt samarbeid om IT i næringsliv, offentleg sektor, utdanning og forsking. IT Forum Vest tek initiativ til, samordnar og bidrar i felles utviklingsaktivitetar til nytte for heile regionen.
Vår visjon er at vi skal vere ein viktig alliansepart og sterk bidragsytar for å skape ein god morgondag for alle i Vestland gjennom bruk av teknologi.
Våre verdiar er brukarnytte, samarbeid og mobilisering.
Vi har fire eksterne ambisjonar/mål og eitt internt.
Vi skal bidra til at alle skal kunne bu trygt og lengst mogleg heime med velfungerande e-helsetenester.
Vi skal bidra til at alle har tilgang til breiband med høg hastigheit.
Vi skal bidra til rekruttering, mangfald og utdanning innan teknologi.
Vi skal vere med å utvikle næring og skape arbeidsplassar innan teknologi og helse.
Vi skal ha ein velfungerande og synleg organisasjon.
Berekraftsmål
Vår nye strategi peikar mot bærekraftmåla, men særleg desse seks:
3: God helse: Det er relevant for oss pga. sentralisering og demografiske utfordringar og der våre løysingar er breiband og e-helse. Sjå våre mål nr. 1 og 2.
4: God utdanning: Rekruttering og tilgang til it-kompetanse er viktig for oss skal vi nå våre mål. Våre grep er satsing på mangfald, rekruttering og utdanning på teknologi-området, jf mål nr. 3.
8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst: Dette målet er viktig for vårt samfunnsoppdrag og visjon. Vårt svar er satsing på utvikling av nærings og arbeidsplassar knytt til IT Forum Vest sine tematiske område, jf. Mål nr. 4.
9: Industri, innovasjon og infrastruktur: Vi bidrar til å bygge solid infrastruktur og fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon gjennom vår satsing på breiband og teknologi, jf. Mål 1, 2 og 3.
11: Berekraftige byar og lokalsamfunn: Vesentleg for vårt samfunnsoppdrag og visjon. Vårt bidrag er vårt samfunnsoppdrag og våre satsingar med tilhøyrande tiltak.
17: Samarbeid: Dette målet handlar om samarbeid og partnarskap om å nå måla. Samarbeid har alltid vore viktig for oss. Dette er forankra i vårt samfunnsoppdrag.