"Kvinner i tech-bransjen" på Peak Sunnfjord 8. mars
IT-Forum Vest v/Anne Mette Hjelle var initiativtakar og medarrangør for 8. mars på Peak Sunnfjord i går. Temaet var “Kvinner i tech-bransjen”. Over 50 kvinner i alle aldre og med ulike bakgrunnar møtte opp for å høyre dei faglege innlegga, diskutere og feire den internasjonale kvinnedagen.
Spørsmål vi stilte var:
Kvifor er det viktig å få unge jenter interessert i tech?
Er det viktig for rekruttering og evna til å vere attraktive i arbeidsmarknaden?
Kva betyr dette for arbeidsmiljøet?
Kvifor er det viktig med rollemodellar som bidrar til likestilling i IT og tech og kven har vi?
Fagleg program:
Til å halde innlegg og diskutere desse spørsmåla var:
Elisabet Kjerstad Bøe, country manager i Tibber. Stikkord: Viktig med rollemodellar. Vi har fleire, ein av dei Linn Hege Helle, Chief Customer Officer og nykåra på lista over Norges 50 fremste tech-kvinner 2022. (Gratulerer!) Tech-bransjen er meir enn dei typiske tech-yrka og dei med tech-bakgrunn. Tør å ta sjanser, sei ja til moglegheiter! Sett mangfald på dagsorden.
Aasta Walberg Schive, hardware developer i Tibber AS. Stikkord: Mangfald har ein praktisk betydning og verdi i vår kultur og det vi produserer (demonstrasjon av case om bruk av kunstig intelligens.) Lag ein mangfaldsstrategi og jobb seriøst med den.
Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket AS. Stikkord: Alle vil a it-kompetanse - no. Mangfald er viktig både for arbeidsmiljøet og i rekrutteringsstrategi for å bli attraktiv på jobbmarknaden. Viktig å sjå etter og løfte fram rollemodellar. Døme: karrieremesser.
Hugo Mølmesdal, dagleg leiar i Intin AS. Stikkord: Ver bevisst i rekruttering. Ikkje velg nokon som er heilt lik deg sjølv. Sjå verdien av ulikskap og mangfald i forretning. Tech er meir enn programmering.
Silje Sunde, leiar forretningsstøtte i Sparebanken Sogn og Fjordane. Stikkord: Jobb systematisk Gjer tech interessant for jenter frå tidleg alder! Inspirer jenter til å velge realfag og teknologi. Bruk forsking til å identifisere forskjellsbehandling og innfør målretta tiltak. Kurs leiarar i mangfald og likestilling. Inngå forpliktande samarbeid.
PS. Arrangementet var gratis for deltakarane, men vi arrangerte lynlotteri der inntekta gjekk til å støtte UNICEF sitt arbeid for barna i Ukraina. Vi selde lodd for nær 3500 kroner i løpet av kvelden, vippsa direkte til UNICEF. Tusen takk! :-)