IT-forum oppvekst og utdanning

It-forum oppvekst og utdanning er eit unikt samarbeid (også i nasjonal samanheng) på tvers av skuleslag. ITFOU (tidlegare ITFskule) har frå 2006 arbeidd med å finna ei løysing for digitalt samarbeid og samspel på tvers av alle skulesteg i fylket. ITFOU består av ressurspersonar innan ikt frå alle regionråda, fylkeskommunen, fylkesmannen, høgskulen og vestlandsforsking. Arbeidsgruppa har tidlegare med hell stått bak og gjennomført eit stort digitalt fellesløft finansiert av fornyingsmidlar. Dette vart dokumentert gjennom ekstern prosjektevaluering gjennomført i 2. kvartal 2011: Digitalt skulesamarbeid i Sogn og Fjordane. Prosjektperiode: 2007-2010 (Høgskulen i Vestfold).

Vi samarbeidar med KS, skule og barnehageutvalet

Mandatet til arbeidsgruppa er å vere pådrivar for digital danning, kunnskapsbygging, utvikling og dialog, innan oppvekst- og utdanning i fylket. Dei deltakande partane er regionråda, fylkesmannen, fylkeskommunen, Høgskulen og Vestlandsforsking. 


ITFOU-konferansen

ITFOU gjennomfører årleg ein større konferanse for heving av digital kompetanse i oppvekst og utdanningssektoren i fylket. Dette gjer vi i samarbeid med KS og kommunane i Sogn og Fjordane. 

I 2016 vert konferansen gjennomført 23.-24 november i Loen.

Informasjon om tidlegare konferanse i 2015 finn du her( 1.–2. desember på Fosshaugane Campus i Sogndal. ) og 2014 i Førde finn du her.


Arbeidgruppa i 2016

Randi Scheflo, SYS Ikt (leiar)
Jarle Christensen (Bjarnhild Samland), Sogn Regionråd
Grete Netteland og Bente Sollied, HiSF
Kåre Sundal, S&F fylkeskommune/Eid vgs
Bård Fløde, Nordfjordrregionen
Bente Forfang, Florø kommune
Bodhild Therese Cirotzki, Fylkesmannen i SFj
Øyvind Heimset Larsen, Vestlandsforsking/IT-forum 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Årsmøte IT-forum torsdag 14. april i Førde

Neste
Neste

Årsmøte IT-forum breiband og høyringsmøte 1. april